Apartheid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Berre for kvite». Skilt som viste at noko berre kunne brukast av ei rasegruppe var vanleg under apartheidtida.

Apartheid er eit ord som kjem frå afrikaans og tyder «åtskiljing». Det vert fyrst og fremst nytta om den politikken som vart førd av det kvite mindretalsstyret i Sør-Afrika frå 1948 til 1990, men ordet vert òg nytta om liknande system av lovregulert rasesegregering. Ordet vart fyrst nytta i denne tydinga i 1917 i ei tale som vart heldt av Jan Smuts, som seinare vart statsminister i Sør-Afrika i 1919.

På mange måtar var apartheid ei utviding av dei segregeringslovene som alt var innførde av dei kvite mindretalsregjeringane, som Landlova (Land Act) av 1913, og raseskiljet som fanst på mange arbeidsplassar. Desse lovene skulle retta seg etter fredsavtala som var signert mellom Boerrepublikkane og britane etter den andre Boarkrigen. Likevel hadde ein mot slutten av Den andre verdskrigen lempa ein del på handhevinga av desse lovene, og det var særleg Sambandspartiet (United Party) og regjeringa til Jan Smuts som stod for dette. Høgdepunktet kom i 1948, då rapporten frå Fagan-utvalet kom. Dette utvalet var sett ned for å granska systemet, og rapporten rådde regjeringa til å oppheva segregeringa i byane, og med det oppheva systemet som gjorde at svarte sørafrikanarar måtte bu i eigne «reservat». Statsministeren støtta råda til Fagan-utvalet, og sa at: «Ideen om at ein skal fjerna dei innfødde og sperra dei inne i eigne kraalar er etter det eg meiner, det største tøvet eg nokon gong har høyrd.»

Som svar på tilrådinga frå Fagan-utvalet, skipa Nasjonalpartiet (National Party) sitt eige utval, kalla Sauger-utvalet. Innstillingane til dette utvalet var så å seia dei motsette av innstillingane frå Fagan-utvalet. Sauger-utvalet rådde regjeringa til ikkje berre å halda fram med segregeringspolitikken, men også å gjera han strengare. Utvalet gjekk inn for ein politikk dei kalla «Apartheid», der rasane skulle skiljast åt så mykje som mogleg.

Nasjonalpartiet vann riksvala i 1948, då dei så vidt slo Sambandspartiet til Smuts (sjølv om dei fekk færre røyster). Dei svarte hadde sjølvsagt ikkje røysterett. Partiet sette med det same det tok over i gang ein strengare rasesegregeringspolitikk, som dei skulle halda ved lag i 42 år, fram til han vart avvikla i 1990 av Frederik Willem de Klerk, etter tiår med omfattande protestar både innanlands (særleg frå ANC) og utanlands.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]