Apikal dominans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apikal dominans oppstår ved at auxin frå den øvste knoppen rammar nr 2. Seinare rammast nr 3 av den samla mengda frå nr 1 + 2. Neste gongen er det den fjerde knoppen som må lide under den samla mengda frå både 1, 2 og 3, osv. Under jorda har auxinet motsett verknad: det fremjar rotvoksteren.

Apikal dominans (av latin apex, 'kongekrone' og dominatio, 'herredømme') eller toppskottdominans er ein strategi endeknoppen i ein trestamme brukar for å undertykke voksteren i øvrige knoppar på same skotet. Det fører til at toppskottet på stammen veks tydeleg meir enn sideskotta. Tilsvarande kan òg endeknoppar i sidegreiner dominere over andre knoppar i sidegreinene.

Bartre har sterk apikal dominans. I toppskotet er dei øvste knoppane mykje meir utvikla enn knoppane nedetter skotet, og meir utvikla enn endeknoppane på sideskota. Her på ung fjelledelgran.
Om toppen vert broten, som på denne almen, forsvinn den apikale dominansen, og adventivknoppar i stammen kan utvikle nye skot.

I vekstpunktet på den ytste knoppen vert det produsert eit plantehormon, auxin, som vert ført ned med saftstraumen. Horminet hemmer voksteren i den neste knoppen på skottet, som samtidig produserer sin mengde auxin som saman med auxinet frå den første knoppen i endå sterkare grad hemmar voksteren i den tredje knoppen. Nedst på skottet er auxinmengda så stor at knoppen ikkje spring ut, men blir ein sovande adventivknopp.

Vekstar som har sterk apikal dominans har den fordelen at det ikkje oppstår konkurranse mellom dei skottspissane, men energien vert nytta til å fremje høgdeveksta frå den øvste knoppen. Omvendt medfører danning av adventivknoppar at planten heile tida har ein reserve av levande knoppar til rådvelde om toppen skulle døy vert av ein eller annan grunn.

Om ein ønskjer kraftigare vokster i sideskotta, til dømes ved dyrking av frukttre, kan ein ved å gjere små snitt i barken redusere auxinstraumen og slik avgrense den apikale dominansen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]