Apokope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Apokope er bortfall av vokal eller konsonant i slutten av eit ord. Det er større sjanse for apokope når lyden ligg langt unna trykksentrum i ordet. I både trøndersk og estisk er det apokope for ord med lang rotstaving, men ikkje med kort rotstaving:

  • Lang rotstaving:
    • Trøndersk: å lik, å kast ( < norr. líka, kasta)
    • Estisk: piim, linn "mjølk, by (jf. finsk piimä, linna ("surmjølk, borg")
  • Kort rotstaving:
    • Trøndersk: å levva, å værra (< norr. lifa, vera
    • Estisk: tuli, lumi "eld, snø ( = finsk)

Andre norske dialektar har ikkje apokope i stavinga attmed trykkstavinga, men i stavingar lenger unna (t.d. båtan < båtane.