Apollinarij Vasnetsov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Vasnetsov: Portrett av Apollinarij Vasnetsov, 1872

Apollinarij Mikhajlovitsj Vasnetsov[1] (6. august 185623. januar 1933) var ein russisk kunstmålar og grafikar. Han spesialiserte seg på scener frå mellomalderen i Moskva. Han var ein yngre bror av den meir berømte Viktor Vasnetsov.

Vasnetsov var frå landsbyen Rjabovo i provinsen Vjatka. Han var både målar og grafikar. Noko formell utdanning i målarkunst fekk han ikkje. Men han gjekk i lære hos den eldre broren sin, Viktor Vasnetsov. Frå 1883 budde og arbeidde han og broren i Abramtsevo, der han vart påverka av målaren Vasilij Polenov. I 1898–99 reiste han i Italia, Frankrike og Tyskland.

I tillegg til episke landskapsbilete av russisk natur, skapte Apollinarij Vasnjetsov sin eigen sjanger av rekonstruerte, historiske landskap basert på historiske og arkeologiske data. Måleria hans gir eit visuelt bilete av Moskva slik det må ho vore i hundreåra mellom 1300-talet og 1700-talet.

Ivan den store-plassen i Kreml. 17. hundreåret, 1903

Vasnjetsov var medlem av Peredvizjnikij frå 1899, og akademimedlem frå 1900. Han var ein av grunnleggarane og tilsynsmennene av Russlands Kunstnarforeining.

I byrjinga av 1920 inviterte Arkeologiutvalet (forgjengaren til Selskapet for vern av kulturminne) Apollinarij Vasnetsov og nokre andre målarar (mellom dei Vikentij Trofimov) til å teikne gamle stader i Voronezj.

Han døydde i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apollinari M. Wasnezow

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk Аполлинарий Михайлович Васнецов