Apollon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romersk kopi av ein gresk Apollon-statue som truleg var laga av Praksiteles eller Euphranor.

Apollon var ein viktig gud i gresk mytologi, ansvarleg for lys, musikk og sanning. Apollon hadde fleire funksjonar, der den viktigaste var som orakel. Denne rolla kan sporast attende til gudinnekulten i Delfi. Men Apollon var også jeger, lege og musikar. I klassisk tid erstatta han Helios som solgud.

Ifølge soga var Apollon son av Zevs og Leto. Har vart født saman med tvillingsyster si Artemis på øya Dílos dit mora hans hadde flykta frå den vreide Hera, kona til Zevs.

Apollon var i konflikt med gudane Dionysos, Pan og Hermes som alle hadde tilknytning til dyrehald. Dette har vorte tolka som eit produkt av rivaliseringa mellom ulike nomadiserande gjetefolk.

Opphavleg skal Apollon ha vore ein solgud og ein av dei tolv olympiske gudane. Han blir vanlegvis framstilla som ein ung mann med vakre ansiktsdrag. Han gifta seg aldri, men hadde mange kjærastar, både gutar og jenter, og fekk mange ungar med dei sistnemnde.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.