Apostelen Andreas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andreas lid martyrdøden

Apostelen Andreas (ca. år 1-ca. år 60), av gresk Ανδρέας, 'manndom', var ein av Jesu læresveinar og ein av dei tolv opphavlege apostlane i den kristne kyrkja. Minnedagen hans vert feira 30. november.

Andreas sitt liv[endre | endre wikiteksten]

Andreas Bar-Jona (Jonasson) vart fødd i Betsaida ved Genesaretsjøen.[1] Han budde i lag med broren Simon, som Jesus gav namnet Peter, i Kapernaum ved Genesaretsjøen.[2] Begge brørne var fiskarar. Andreas var truande jøde, blant læresveinane til døyparen Johannes, og det var Johannes som oppfordra Andreas til å følgje Jesus. I følgje Johannesevangeliet var Andreas den første som vart kalla til apostel.[3]

Andreas er nemnd fleire gonger i evangelia og ein gong i Apostelgjerningane.[4]

Det finst ikkje sikre opplysningar om kor Andreas virka som apostel, men han er nemnd i mange legender. Truleg misjonerte han rundt Svartehavet før han slo seg ned i Hellas og forkynte evangeliet der som biskop av Patras, hovudstaden i distriktet Akaia. Under keisar Nero, rundt år 60, vart Andreas arrestert av statthalderen Aegeas. Den 30. november år 60 eller 62 vart Andreas martyrdrepen i Patras. I følgje ein legende frå 900-talet vart han drepen ved å bli bunden på ein krysstilt kross (Crux decussata, Andreaskrossen). Etter legenden preika han for folket frå denne krossen i to til tre dagar før han døydde.

Den legendariske Andreas[endre | endre wikiteksten]

Færøysk frimerke med utskjering av apostelen Andreas frå Kirkjubøur.

Det apokryfe skriftet «Andreas' gjerningar» vert tilskrive Leucius Charinus, og er truleg forfatta på 200-talet. . J.R. Hartley, som utgav dei i 1924, meinte at dei var frå rundt år 260.

Hieronymus skriv at relikviane etter Andreas vart ført i triumftog frå Patras til Konstantinopel og bisett i Apostelkyrkja der. Dette skjedde etter eit dekret frå keisar Konstantius II (337-61). Andreas vart sidan vernehelgen for Konstantinopel.

Etter skotsk tradisjon vart relikviane i Patras vakta av den greske munken Regulus (Rule). Ein engel synte seg for Regulus og bad han ta med store delar av relikviane etter Andreas til ein ukjend stad langt oppe i nordvest. Rugulus reiste dit engelen førte han, opp til kysten av Fife i Skottland, der han bygde ei kyrkje for relikviane. Rugulus vart den første biskopen der og i tretti år forkynte han for skottane. Det er bakgrunnen for at Andreas er vernehelgen for Skottland. Skottland har ein andreaskross i nasjonalflagget. Relikviane i St Andrews vart øydelagde under reformasjonen.

I kunsten blir Andreas vanlegvis framstilt som ein eldre mann, vanlegvis med ei bok. Opphavleg vart martyriet framstil på ein vanleg kross, men frå 900-talet ser vi oftare at framstillingar av Andreaskrossen. Andre helgenattributt er eit fiskegarn eller ein fisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]