Apostelen Mattias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St. Mattias i Malling kyrkje, Jylland, Danmark

Apostelen Mattias var den tolvte av apostlane i den kristne oldkyrkja. Han høyrde truleg til flokken av læresveinar som hadde følgt Jesus, og han hadde vore til stades på Oljeberget ved Kristi himmelferd. Mattias vart utvald som ny apostel ved ei loddtrekking etter at Judas Iskariot hadde falle ifrå. Apostelvalet er omtalt i Apostelgjerningane 1,23.[1]

Mattias var frå Betlehem og var oppvaksen som jøde. Namnet Mattias tyder «Guds gåve». Ifølgje Apostelgjerningane var Mattias til stades og mottok Den Heilage Andepinsedagen. Kva han sidan gjorde som apostel, er uvisst, dei legendene som er fortalde om verksemda og martyrdøden hans er ikkje pålitelege. I nokre skrifter kan han ha vore forveksla med apostelen Matteus. Eit apokryft evangelium vart utgjeve i namnet hans, men det finst det berre nokre få setningar att av.

Etter tradisjonen forkynte han evangeliet i heimlandet i 33 år før han vart kalla inn til ypperstepresten Ananias, som nekta han å preike. Men Mattias forkynte i staden for Det høge rådet, med det resultatet at dei vart rasande og lét han steine. Ein romersk soldat gav han nådestøyten og hogg hovudet hans av med ei øks. Året var 63. Andre forteljingar hevdar at han misjonerte i Kappadokia og ved Kaspihavet, atter andre at han var misjonær i Etiopia.

I kunsten vert Mattias framstilt som apostel med ei bok eller ein skriftrull som apostelsymbol, eller med øks, sverd eller steinar som teikn på martyriet hans. På primstaven står minnedagen hans avmerkt den 24. februar, mattismesse om våren. Den katolske kyrkja har frå 1969 feira minnedagens hans den 14. mai, medan ortodokse kyrkjer feirar minnedagen hans den 9. august.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]