Apostelen Peter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter
Masaccio 007.jpg
Petrus
Dåpsnamn Symeon (Simon)
Fødd Omkring kristi fødsel, Betsaida i Galilea
Død Ca. 64/67, Roma
Saligkåra: Kort tid etter sin død.
Heilagkåra: Kort tid etter sin død.
Festdag: 29. juni og 22. februar
Etterfylgjar: Linus

Peter (fødd rundt år 1 f.Kr., død 64 eller 67) var ein av Jesu tolv læresveinar i Det nye testamentet. Peter var saman med Jakob og Johannes den som stod Jesus nærmast. Han heitte opphavleg Symeon (gresk Simon) Bar-Jona (son av Jonas), men Jesus gav han kallenamnet Peter (som betyr «Klippa», på arameisk Kefas).

Han skal ha vore gift, og ifølgje Klemens av Alexandria skal han også ha hatt barn.

Simon var opphavleg fiskar. Ein dag han fiska i Genesaretsjøen, kalla Jesus han og hans bror, apostelen Andreas til å følgje seg (Matt 4,18-22, Mark 1,16-20, Luk 5,1-10 og Joh 1,40-42).

Peter blir rekna for å vere ein av dei mest sentrale personane i det tidlege kristne samfunnet, saman med Paulus. Peter var den første kristne misjonæren som besøkte heidningar (ikkje-jødar) for å forkynne 'Evangeliet om Jesus Kristus. Han er derfor kalla heidningane sin apostel.[1]

Peter skreiv òg to brev som er med i Det nye testamentet, Peters fyrste brev[2] og Peters andre brev[3]. Hans namn er knytt til fleire verk utanom Bibelens kanon, derimellom Peters evangelium, Peters apokalypse, Den gnostiske Peters apokalypse og Petersaktene.

Den katolske kyrkja ser Peter som den første paveen. Han lei martyrdøden under keisar Nero, truleg i år 64 (tradisjonen seier år 67). Han vart etter vist nok krossfesta i Roma og Peterskyrkja er i følgje tradisjonen bygd over grava hans. Pave Pius XII fekk gjennomført utgravingar under Peterkyrkja, der fann dei ei grav som den katolske kyrkja meiner er Peter si.

Hos Origenes og i Petersaktene er det ei historie om martyriet hans. Han skal etter eige ønske blitt krossfesta med hovudet ned. På den måten ville han vise respekt for Jesus.

Minnedagane er 29. juni (saman med Paulus) og 22. februar (apostelen Peters stol).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apostelen Peter