Appalachane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Appalachane
Fjellkjede
none  Utsyn frå sida av Back Allegheny Mountain, mot aust i Appalachane.
Utsyn frå sida av Back Allegheny Mountain, mot aust i Appalachane.
Land Flag of the United States.svg USA, Flag of Canada.svg Canada
Region Newfoundland,

Saint Pierre og Miquelon, Quebec, Nova Scotia,
New Brunswick, Maine, New Hampshire, Vermont,
Massachusetts, Connecticut, New York,
Pennsylvania, Maryland, Virginia, West Virginia,
Ohio, Kentucky, Tennessee, New Jersey,
Nord-Carolina, Sør-Carolina, Georgia, og Alabama

Høgaste punkt Mount Mitchell
 - høgd 2 037 moh
Orogenese Takonisk
Periode ordovicium
AppalachianLocatorMap2.png

Appalachane (engelsk Appalachian Mountains eller Appalachians) er ei stor fjellkjede aust i Nord-Amerika. Den nøyaktige definisjonen av kor langt fjellkjeda strekkjer seg varierer. Ein vanleg variant omfattar ikkje Adirondackfjella, som ofte vert sagt å ha meir til felles med Det kanadiske skjoldet enn Appalachane.[1][2][3]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Det meste av fjella ligg i USA, men strekkjer seg nord til Canada og har ei lengd på om lag 2400 km frå øya Newfoundland og sørvestover til det sentrale Alabama i USa. Breidda varierer frå 160 til 480 km. Systemet er delt inn i fleire kjeder og dei fleste fjella har ei høgd på kring 1000 meter over havet. Den høgaste gruppa er Mount Mitchell i Nord-Carolina på 2037 meter over havet, som er det høgaste punktet i USA aust for Mississippielva.

Adverbet Appalachian syner til fleire forskjellige område tilknytt fjella. Som regel omfattar det heile fjellkjeda med omliggande åsar og platå. Ofte vert det nytta berre områda av fjella i Kentucky, Tennessee, Virginia, Maryland, Vest-Virginia og Nord-Carolina, samt stundom så langt sør som det nordlege Georgia og det vestlege Sør-Carolina, så langt nord som Pennsylvania og så langt vest som det sørlege Ohio.

Ouachitafjella i Arkansas og Oklahoma var opphavleg rekna som ein del av Appalachane, men desse veit ein i dag har ei anna geologisk historie.

Då medlemmer av Narváez-ekspedisjonen gjekk nordover kysten av Florida i 1528, møtte dei indianarar nær dagens Tallahassee i Florida som kalla seg apalchen eller apalachen. Dette namnet vart på spansk raskt endra til Apalachee, som dei nytta om stamma og regionen lenger inn i landet og nordover. Ekspedisjonen til Pánfilo de Narváez nådde området deira den 15. juni 1528. Appalachane er i dag det fjerde eldste europeiske stadnamnet i USA som framleis er i bruk.[4] Etter de Soto-ekspedisjonen i 1540 starta spanske kartografar å nytta namnet på fjellområdet.[5]

Det vart først vanleg å nytta namnet på heile fjellkjeda frå seint på 1800-talet. Eit anna namn som før vart mykje brukt var Allegheny Mountains, Alleghenies eller til og med Alleghania. Tidleg på 1800-talet føreslo Washington Irving å døype heile USA anten Appalachia eller Alleghania.[6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

USGS si inndeling av Appalacahane

Heile systemet er delt inn i tre. Den nordlege frå Newfoundland og Labrador til Hudsonelva; den sentrale, frå Hudsondalen til New River (Store Kanawha) som går gjennom Virginia og Vest-Virginia; og den sørlege, frå New River og sørover.

Den nordlege delen omfattar Long Range-fjella og Annieopsquotchfjella på øya Newfoundland, Chic-Choc-fjella og Notre Dame-fjella i Quebec og New Brunswick, småfjell i Nova Scotia og New Brunswick, Longfellowfjella i Maine, White Mountains i New Hampshire, Green Mountains i Vermont og The Berkshires i Massachusetts og Connecticut. Metacometryggen i Connecticut og sentralt i Massachusetts er eit yngre system som ligg innanfor Appalachane, men som geologisk sett ikkje høyrer til fjellkjeda. Den sentrale delen består av fleire mindre grupper, Valley Ridges mellom Allegheny FrontAlleghenyplatået og Great Appalachian-dalen, New York - New Jersey Highlands, Taconicfjella i New York og ein stor del av Blue Ridge-fjella. Den sørlege delen er ei forlenging av Blue Ridge, som er delt inn i Vest-Blue Ridge (eller Unaka) Front og og Aust-Blue Ridge Front, Ridge-and-Valley Appalachane og Cumberland-platået.

Adirondack-fjella i New York vert stundom rekna som ein del av Appalachane, men geologisk sett er dei ei forlenging av Dei laurentinske fjella i Canada.[1][2][3]

I tillegg vert det oppdelte platået nord og vest for fjella ofte rekna som ein del av Appalachane. Dette omfattar Catskillfjella søraust i New York, Poconos i Pennsylvania og Alleghenyplatået søraust i New York, vest i Pennsylvania, aust i Ohio og nord i Vest-Virginia. Det same platået vert kalla Cumberland-platået sør i Vest-Virginia, aust i Kentucky, vest i Virginia, aust i Tennessee og nord i Alabama.

Terrenget på platået er ikkje høgt, og er i røynda ikkje fjell, sjølv om det ofte vert kalla det, men er særs kupert.

Appalachane vert vanlegvis rekna som den geografiske grensa mellom austkysten av USA og Midtvesten. Det austlege vasskiljet følgjer Appalachane frå Pennsylvania til Georgia.

Høgaste toppar[endre | endre wikiteksten]

Fjell i Long Range-fjellaNewfoundland er nesten 900 meter høge. I Shickshocks og Notre Dame-fjella i Quebec er høgda opp mot 1200 meter over havet. Isolerte toppar i Nova Scotia og New Brunswick varierer frå 300 til 800 meter. I Maine går fleire toppar over 1200 meter, mellom anna Mount Katahdin (1605 moh). I New Hampshire er det fleire fjell over 1500 moh, som Mount Washington i White Mountains (1917 moh), samt Adams (1760 moh), Jefferson (1741), Monroe (1640 moh), Madison (1636), Lafayette (1603) og Lincoln (1551). I Green Mountains er det høgaste punktet Mt. Mansfield på 1339 moh.

I Pennsylvania finst over seksti fjell som er høgare enn 750 moh, og Mount Davis og Blue Knob er på over 900 moh. I Maryland er Eagle Rock og Dans Mountain dei høgaste på respektive 954 moh. og 878 moh. Sør for Potomac finn ein the Pinnacle 916 moh og Pidgeon Roost (1036 moh). I Vest-Virginia går meir enn 150 fjell over 1200 moh, mellom anna Spruce Knob (1483 moh.), som er det høgaste fjellet i Alleghenyfjella.

Klipper oppfor New River nær Gauley Bridge i Vest-Virginia.

Blue Ridge Mountains, sør i Pennsylvania har høgder kring 600 moh. i denne staten. I dei sørlege fjella ligg dei høgaste toppane like sør for Mason-Dixon-linja i Maryland ved Quirauk Mountain (654 moh.) før fjella vert lågare sørover mot Potomacelva. I Virginia stig Blue Ridge igjen til over 600 moh. og høgare. Det høgaste fjellet i Blue Ridge i Virgina er Stony Apple Orchard Mountain (1288 moh). Sør for Roanoke River, langs Blue Ridge, ligg det høgaste fjellet i Virginia, Mount Rogers (1747 moh).

Dei høgaste toppane vidare sørover i Blue Ridge ligg langs dei to hovudryggane, Western eller Unaka Front langs grensa mellom Tennessee og Nord-Carolina og Eastern Front i Nord-Carolina. Det høgaste fjellet her er Mount Mitchell (2037 moh.)

Drenering[endre | endre wikiteksten]

Appalachane er ei så gammal fjellkjede at det finst elvar som renn tvers gjennom fjellkjeda, som ein ikkje finn i nyare fjellkjeder som Rocky Mountains og Andesfjella. New River (Nyelva), som såleis har eit heilt anakronistisk namn, spring ut aust i Appalachane sentralt i North Carolina. Denne elva må vere eldre enn fjellkjeda, og etter kvart som fjellkjeda steig, grov elva seg nedover. New River munnar ut i Kanawhaelva, som igjen munnar ut i Ohioelva lenger vest.

Mange av elvane sør for New River er sideelvar til Cumberlandelva og Tennessee-elva og høyrer derfor til nedslagsfeltet til Mexicogolfen. Nord for New River, i dei sentrale områda finn ein elvar som James-elva, Potomacelva og Susquehanna-elva.

Lenger nord har isbrear tidlegare grove ut den store leia til Hudsonelva.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Appalachane oppstod for om lag 480 millionar år sidan då jordskorpeplatene kolliderte på superkontinentet Pangea. Sidan Nord-Amerika og Afrika då hang saman, var Appalachane på den tida ein del av det same fjellsystemet som Anti-Atlas i Marokko. I nordaust heldt den same fjellkjeda fram i Skottland og Skandinavia, danna under den kaledonske orogenesen.

Midt i ordovicium (for om lag 496-440 millionar år sidan) starta dei første fjella å byggje seg opp i Nord-Amerika (den takoniske orogenesen). Fjellkjeda var i denne perioden ei vulkansk aktiv fjellkjede.

Mot slutten av mesozoikum hadde Appalachane vorte erodert ned til ei nesten flat slette, og det var først då regionen vart løfta under kenozoikum at dagens topografi vart forma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Appalachian Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Topografiske kart frå United States Geological Survey
    • Bailey Willis, The Northern Appalachians og C. W. Hayes, The Southern Appalachians, both in National Geographic Monographs, vol. i.
    • chaps, iii., iv. og v. of Miss E. C. Semple's American History og its Geographic Conditions (Boston, 1903).
  1. 1,0 1,1 «Geomorphology From Space — Appalachian Mountains». NASA. http://daac.gsfc.nasa.gov/geomorphology/GEO_2/GEO_PLATE_T-11.shtml. Henta 2. januar 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Adirondack Mountains». Peakbagger.com. http://www.peakbagger.com/range.aspx?rid=1507. Henta 2. januar 2010. 
  3. 3,0 3,1 Weidensaul, Scott (1994). Fjell i the Heart: A Natural History of the Appalachians. Fulcrum Publishing. ss. ix. ISBN 1-55591-139-0. 
  4. Etter Florida, Cape Canaveral og Dry Tortugas: Stewart, George (1945). Names on the Land: A Historical Account of Place-Naming in the United States. New York: Random House. ss. 11–13, 17,18. 
  5. Walls, David (1977), "On the Naming of Appalachia," In An Appalachian Symposium, pp. 56-76.
  6. Stewart, George R. (1967). Names on the Land. Boston: Houghton Mifflin Company.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°00′N 78°00′W