Apparent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Apparent er eit omgrep som tyder «tilsynelatande». Det vert mellom anna nytta innan astronomi. Apparent høgd er høgda til stjerna når ho ikkje er korrigert for refraksjon. Apparent bane er banen til ei dobbeltstjerne projisert inn på eit plan vinkelrett på synslinja eller himmelplanet.

Storleiksklassen til ei stjerne, slik ein direkte avgjer denne på himmelen, vert kalla den apparente storleiksklassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]