Appenninane

Koordinatar: 43°16′54″N 12°34′55″E / 43.28167°N 12.58194°E / 43.28167; 12.58194 Coordinates: Extra unexpected parameters
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Appenninene)

Appenninane (gresk Απεννινος; latin Appenninus; italiensk Appennini) er ei fjellkjede som strekkjer seg 1000 km frå nord til sør langs austkysten av Italia. Ho går langs heile halvøya og dannar ryggraden i landet.

Namnet kjem truleg frå det keltiske pen, ein fjell topp, og har derfor same opphav som dei engelske fjella Penninane. Appenninane vart opphavleg berre nytta om den nordlege delen av fjellkjeda frå Dei maritime Alpane til Ancona. Polybius er truleg den første forfattaraen som nytta namnet på heile fjellkjeda, og skil faktisk heller ikkje mellom Appenninane og Dei maritime Alpane, og strekkjer fjellkjeda heilt til Marseilles. Andre forfattarar frå antikken skil ikkje mellom forskjellige delar av kjeda, men nyttar namnet generelt for heile kjeda.

Fjella har gjeve namn til Den apenninske halvøya (Den italienske halvøya) som utgjer mesteparten av Italia. Fjella er stort sett dekte av grøn vegetasjon og skog, men den eine sida av den høgaste toppen, Corno Grande (2 912 m), er delvis dekt av den sørlegaste isbreen i Europa. Austsida som heller ned mot Adriahavet er bratt, medan vestsida dannar ei slette der dei fleste historiske byane i Italia ligg. Den totale lengda er om lag tusen kilometer og breidda er 80 til 140 km.

Appenninane i Emilia (Pietra di Bismantova).

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

I dag vert fjellkjeda delt inn i tre delar: Den nordlege, den sentrale og den sørlege.

Dei nordlege Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Grensa mellom Dei nordlege Appenninane og Dei maritime Alpane går ved Bocchetta dell' Altare, om lag 8 km vest for Savona ved fjellvegen til Torino. I røynda er det eigentleg ikkje ei openberr grense mellom desse fjellområda. Dei er igjen delt inn i tre delar: Dei liguriske, Dei toskanske og Dei umbrianske Appenninane.

Dei liguriske Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Dei liguriske Appenninane strekkjer seg frå fjellovergangen ved La Cisa i den øvre dalen til Magra ovanfor Spezia. Ført følgjer dei kurva rundt Genovabukta, og så går dei aust-søraustover parallelt til kysten. I nord og nordaust ligg den vide sletta i Piemonte og Lombardia, der elva Po renn over. Dei største sideelvane hennar frå Dei liguriske Appenninane er Scrivia, Trebbia og Taro. Elva Tanaro (Tanarus), som stort sett får sideelvane sine frå Dei liguriske Appenninane, har utspringet sitt i Dei maritime Alpane, medan elvane på sørsida er korte og uviktige. Sørsida av fjellkjeda stig bratt opp frå sjøen og etterlèt seg nesten inga kyststripe. Sidene er skjerma og derfor frodige og mykje oppdyrka, og kystbyane her er populære feriestader om vinteren langs Den italienske rivieraen.

Det høgaste punktet her er Monte Maggiorasca med ei høgd på 1 799 moh. Fleire jernbanelinjer kryssar fjellkjeda: Linja frå Savona til Torino (med eit sidespor ved Ceva til Acqui), frå Genova til Ovada og Acqui, linjene frå Genova til Novi Ligure, knutepunktet for Torino og Milano og linja frå Spezia til Parma ved La Cisa-passet. Alle desse går gjennom fjellkjeda via lange tunnelar. Tunnelen på den nye linja frå Genova to Ronco Scrivia er 8 km lang.

Dei toskanske Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Emilia Romagna, måleri av Frans Koppelaar.

Dei toskane Appenninane strekkjer seg frå La Cisa-passet til Tiber sitt utspring. Hovudkjeda går aust-søraustover, men på tvers av halvøya før ho snur sørover. Frå nordsida renn mange elvar nordover til Po, der Secchia og Panaro er dei viktigaste, medan elvene lenger aust hovudsakleg er sideelvar til Reno.

Andre små elvar, som Ronco og Montone, som renn ut i sjøen aust for Ravenna, var òg tidlegare sideelvar til Po, og Savio og Rubicon ser ut til å ha vore dei einaste elvane frå Dei toskanske Appenninane som rann direkte ut i sjøen i romartida. Frå sørvestsida av hovudryggen renn Arno og Serchio rett ut i Middelhavet. Denne delen av Appenninane vert kryssa av to jernbanelinjer, frå Pistoia til Bologna og frå Firenze til Faenza, og av fleire gode fjellvegar. Fleire av vegane vart bygd i romartida. Det høgaste punktet i kjeda er Monte Cimone (2 156 m). Den såkalla Alpi Apuane, er ei kjede som strekkjer seg sørvest for dalen til Serchio, og stig til ei høgd på 1 946 m. Her ligg dei kjende marmorbrota ved Carrara. Størsteparten av Toscana består av lågare åsar som ikkje er ein del av Appenninane, og mellom desse og fjellkjeda ligg dalane til Arno, Chiana og Paglia. Mot vest er dei rike på mineral og kjemikaliar, medan sjølve Appenninane ikkje har slike naturressursar.

Dei umbrianske Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Dei umbrianske Appenninane strekkjer seg frå kjelda til Tiber til (og kanskje lenger) Scheggia-passet nær Cagli, der den gamle vegen Via Flaminia kryssar kjeda. Det høgaste punktet er Monte Catria (1 701 m). Den største elva her er sjølve Tiber. Av andre elvar finn ein Foglia (Pisaurus), Metauro og Esino (Denne elva (antikken Aesis) danna landegrensa til staten Italia på 200- og 100-talet f.Kr.). Desse renn nordaustover og ut i Adriahavet, som ligg om lag 50 km frå dei høgaste toppane i kjeda. Denne delen av fjellkjeda vert kryssa av jerbanelinjer frå Foligno til Ancona (der det ved Fabriano går eit sidespor til Macerata og Civitanova Marche). Av enkelte geografar vert ho rekna som ein del av Dei sentrale Appenninane.

Gran Sasso og Campo Imperatore
Majella ved skumring

Dei sentrale Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Dei sentrale Appenninane er den mest omfattande delen av kjeda og strekkjer seg heilt til Sangrodalen (Sangrus). I nord ligg Monti Sibillini, det det høgaste punktet er Monte Vettore (2 476 m). Lenger sør ligg tre parallelle kjeder. Den vestlegaste av desse er Monti Sabini som når ei høgd på 2 156 meter over havet i sør ved Monte Viglio. Den sentrale kjeda er Monte Terminillo (2 217 m) og lenger sør Monte Velino (2 486 m). Den austlegaste av desse er Gran Sasso d'Italia (2 912 m), den høgaste toppen i Appenninane, og Majellagruppa (Monte Amaro, 2 793 m).

Mellom dei vestlege og sentrale kjedene ligg sletta Rieti, Saltodalen og Fucinosjøen og mellom den sentrale og austlege kjeda ligg dalane Aquila og Sulmona. Dei største elvane i vest er Nera, med sideelvane sine Velino og Salto, og Aniene, begge igjen sideelvar til Tiber. I aust finn ein først ei rekkje småelvar som renn ut i Adriahavet, som berre ligg 20 km aust for dei høgaste toppane av fjellkjeda. Desse elvane er mellom anna Potenza, Chienti, Tenna, Tronto, Tordino og Vomano. Pescara, som mottar Aterno frå nordvest og Gizio frå søraust, er viktigare, og det same er Sangro.

Dei sentrale Appenninane vert kryss av jernbanelinja frå Roma til Castelammare Adriatico via Avezzano og Sulmona: jernbanen Orte til Terni (og så til Foligno) følgjer Neradalen, medan linja frå Terni følgjer Rietisletta og så kryssa den sentrale kjeda til Aquila og vidare opp gjennom Aternodalen til Sulmona. I antikken gjekk Via Salaria, Via Caecilia ig Via Valeria-Claudia frå Roma til Adriatarhavskysten. Mellom dei vulkanske fjella i provinsen Roma og Appenninane ligg Tiberdalen og mellom fjellkjeda og Monti Lepini ligg dalane til Sacco og Liri.

Dei sørlege Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege Appenninane strekkjer seg sørover frå Sangrodalen og dei tre parallelle kjedene i Dei sentrale Appenninane deler seg opp i mindre grupper. Av desse finn ein Matese, der det høgaste punktet er Monte Miletto (2 050 m). Dei største elvane i sørvest er Liri eller Garigliano med sidelvane Sacco, Volturno, Sebeto, Sarno, og i nord Trigno, Biferno og Fortore.

Neset Monte Gargano i aust er totalt isolert og det same er Den campanianske vulkanbogen nær Napoli. Ei jernbanelinje går frå nordvest til søraust frå Sulmona til Benevento og vidare til Avellino, og ei anna frå sørvest til nordaust frå Caianello via Isernia til Campobasso og Termoli, frå Caserta til Benevento og Foggia, og frå Nocera og Avellino til Rocchetta San Antonio, knutepunktet for Foggia, Spinazzola (til Barletta, Bari, og Taranto) og Potenza. Dei romerske vegane følgde same vegen som jernbanane. Via Appia gjekk frå Capua til Benevento, medan den eldre vegen gjekk til Venosa og Taranto og så til Brindisi, medan Via Traiana nesten gjekk til Foggia og så til Bari.

Ofantodalen, som går ut til Adriahavet nær Barletta, markerer den nordlege grensa for den første kjeda av Dei lucanianske Appenninane (no Basilicata), som går frå aust til vest, medan den sørlege grensa er Seledalen (i vest) og Basento (i aust). Den andre kjeda strekkjer seg til Sibarisletta. Det høgaste punktet er Monte Pollino (2 248 m). Dei største elvane er Sele - med sideelvane Negro og Calore - i vest og Bradano, Basento, Agri, Sinni i aust, som munnar ut i Tarantobukta.

Jernbanen som går sørover frå Sicignano til Lagonegro gjennom Negrodalen skal byggast ut til Cosenza langs same veg som den gamle Via Popilia, som vidare frå Cosenza når vestkysten ved Terina og så vidare til Reggio. Via Herculia, ein sideveg til Via Traiana, gjekk frå Aequum Tuticum til den antikke Nerulum. Ved Sibarisletta, der elvane Coscile og Crati munnar ut i sjøen på austkysten går kalksteinsbergarten i Appenninane over i granittfjella der Calabria byrjar.

Dem første gruppa strekkjer seg heilt til eidet danna av buktene St. Eufemia og Squillace. Ho vert kalla Sila og den høgaste toppen er 1 928 m (Botte Donato). Skogane som dekte fjellgruppa i antikken gav tømmer til greske og sicilianske skipsbyggarar. Jernbanen frå St. Eufemia til Catanzaro og Catanzaro Marina kryssar eidet og ein antikk veg kan ha gått frå Squillace til Monteleone. Den andre gruppa strekkjer seg mot sørenden av den italienske halvøya. Den høgaste toppen her er Aspromonte (1 956 m) aust for Reggio di Calabria. Ingen av desse gruppene har nemneverdige elvar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Appenninane er ei fortsetjing av den alpine fjellkjeda, men dei individuelle sonene i Alpane kan ikkje sporast inn i Appenninane. Sonen Brianconnais kan følgjast heilt til Genovabukta, men ikkje lenger. Den indre sona av krystallinsk og skiferaktig bergartar som dannar hovudkjeda i ALpane finn ein ikkje i Appenninane bortsett frå heilt sør.

Appenninane består nesten utelukkande av fjellgrunn frå mesozoikum og tertiærtida, som dei ytre sonene av Alpane. Restar av ei tidlegare indre sone av eldre bergartar kan ein sjå i dei apuanske Alpane, på Dei toskanske øyane, i Catena Metallifera, Circeo og øya of Zannone, i tillegg til Calabria.

I tertiærtida vart det ei høg indre sone av krystallinsk fjell i dei sørlege Appenninane, noko som ein kan sjå eosenbergarten sør i Appenninane. Desse vart forma av ei blanding av små og store rullesteinar av granitt og skifer. Det er i dag ingen krystallinske område der desse rullesteinane kunne ha vorte danna og derfor har geologar konkluderte med at det i tertiærtida var ein stor landsmasse som bestod av eldre bergartar i området som i dag er dekt av den sørlege delen av Tyrrenhavet.

Denne gamle landmasse har vorte kalla Tyrrhenis og strekte seg truleg frå Sicilia til Latium og heilt vest til Sardinia.

Fjell i Appenninane[endre | endre wikiteksten]

Appenninane strekkjer seg gjennom heile Italia frå nordvest til søraust, nesten parallelt til kysten av Adriahavet frå Rimini til Pescara. Store fjell i kjeda er mellom anna:

Namn Høgd
Corno Grande 2 912 m
Monte Nerone 1 525 m
Monte Catria 1 701 m
Monte Maggio 1 853 m
Monte Pennino 1 560 m
Monte Sibilla 2 173 m
Monte Vettore 2 476 m
Pizzo di Sevo 2 419 m
Monte Terminillo 2 217 m
Monte Velino 2 486 m

Historie[endre | endre wikiteksten]

I det italienske felttoget under den andre verdskrigen nytta tyskarane Appenninane som ein forsvarsbarriere som dei allierte kalla den gotiske linja. Dei allierte gjekk til åtak på linja utan hell i september 1944.

Ei anna forsvarslinje, Barbaralinja, kryssa Dei sørlege Appenninane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • G. de Lorenzo, «Studi di geologia nell' Appennino Meridionale,» Atti d. R. Accad. d. Sci, Fis. e Mat., Napoli, ser. 2, vol. viii., no. 7 (1896)
  • F. Sacco, «L' Appennino settentrionale,» Boll. Soc. geol. Ital. (1893-1899).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Appenninane

43°16′54″N 12°34′55″E / 43.28167°N 12.58194°E / 43.28167; 12.58194 Coordinates: Extra unexpected parameters