Appenzell Ausserrhoden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Appenzell Ausserrhoden
Tysk: Appenzell Ausserrhoden
Fransk: Appenzell Rhodes-Extérieures
Italiensk: Appenzello Esterno
Retroromansk: Appenzell Dadora

Våpenet til Appenzell Ausserrhoden

Kart som viser kor i Sveits Appenzell Ausserrhoden ligg.

Hovudstad Herisau
Folketal 53 017 (2011)
Areal 242,86 km²
Folketettleik 218/km²
Forkorting AR
Kanton sidan 1513
Høgaste topp Säntis (2502 moh)

Appenzell Ausserrhoden er ein kanton i det nordaustlege Sveits. Kantonen har eit landareal på 243 km², og hadde 53 316 innbyggarar i 2009. Kantonen grensar til kantonane Appenzell Innerrhoden og St. Gallen. Herisau er hovudstad i kantonen, men domstolen har sete i Trogen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunekart over Appenzell Auserrhoden

Landskapet er prega av slake høgdedrag og låge, skogkledde fjell. Over halvparten av areal vert nytta til landbruk. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Ausserrhoden, Appenzell Innerrhoden og St. Gallen.

Demografi, språk, religion[endre | endre wikiteksten]

13,2% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er dominerande talemål. 51% av folket er protestantar, medan 31% soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Appenzell Ausserrhoden består av 20 kommunar: Bühler, Gais, Grub, Heiden, Herisau, Hundwil, Lutzenberg, Rehetobel, Reute, Schönengrund, Schwellbrunn, Speicher, Stein, Teufen, Trogen, Urnäsch, Wald, Waldstatt, Walzenhausen og Wolfhalden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, og frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.

Fram til 1597 utgjorde Appenzell Ausserrhoden saman med Appenzell Innerrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999 hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Appenzell Ausserrhoden
Wikisource

Originaltekst av Appenzell Ausserrhoden ved Wikisource.