Apple Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til Apple er naturlegvis eit eple.

Apple Records er eit britisk plateselskap som er mest kjent for å utgje platene til den legendariske rockegruppa The Beatles frå 1960-åra. Symbola til selskapet er eit grønt eple, inspirert av eit måleri av René Magritte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Apple Records vart grunnlagt i 1968 som ein divisjon av Apple Corps Ltd. av musikkgruppa The Beatles. Tidlegare plateutgjevingar frå The Beatles vart handtert av Parlophone/EMI i England og Capitol Records (eller United Artists Records i USA). I ei ny avtale aksepterte EMI og Capitol å distribuere Apple Records sine utgjevingar fram til 1975. Apple åtte rettane til plateutgjevingane frå musikkartister som dei signerte, medan EMI heldt eigedomen til The Beatles sine utgjevingar, skjønt dei vart nyutgjevne under merket Apple. Merkt vart ein suksess og overlevde splittinga av The Beatles i 1970, og vart revitalisert på slutten av 1980-åra for utgjevinga av alle Beatles-platene på CD.

Grunnen til dette føretaksprosjektet vart sagt å vere The Beatles' behov for å investere pengar som vern for skattlegging. Britisk skatteregler på denne tida vart skildra som stivnakket. Då George Harrison song, i «Taxman»: «There's one for you, nineteen for me», og refererte til shillingane i pundet, var det ingen spøk. Det var det nøyaktige beløpet som vart halde etter skatt, fem per cents. Som Harrison la til: «Should five per cents appear too small, be thankful I don't take it all».

Den første musikkgruppa som hadde plater utgjeve på Apple-etiketten (ein 45rpm single med tittelen «Dear Delilah») var Grapefruit. Innspelinga skjedde i London på slutten av 1967, og vart produsert av amerikanaren Terry Melcher, kjent frå The Byrds. Terry Doran, som var direktør for Apple Publishing, hjelpte til med realisere gruppa og assistenten hans Derek Lipper vart gruppa sin turneringsleiar.

I løpet av 1974 vart The Beatles oppløyst juridisk og det vart avgjort av retten at 8% av inntektene frå Beatles-albuma (som gruppe) skulle gå til Apple Records, og 4% skulle gå til kvar av dei fire medlemmane. Platemerket fortsette å gå med overskot fram til og med 1984, hovudsakleg grunna fortsett sal av gamle Beatles-plater, deretter gjekk selskapet med underskot i fleire år.

Apple Corps har hatt ei lang historie med usemje om merkevare med Apple Inc., grunna likskapen i namn og logo. Per 2005 er dei to selskapa enno låst i juridisk usemje.

Utgjevingar under Apple-merkt[endre | endre wikiteksten]

Den første LP-utgjevinga frå Apple Records, som i tillegg òg var den første ‘solo’-utgjevinga frå eit medlem av The Beatles, var George Harrison sitt Wonderwall Music, som bestod av innspelinga hans av musikk frå filmen Wonderwall. Det skjedde den 1. november 1968. Rett etter kom Two Virgins av John Lennon og Yoko Ono, utgjeve 11. november same år. Både EMI og Capitol avslo å distribuere plata sidan både Lennon og Ono var avbilda nakne på omslaget. Albumet vart difor utgjeve på lisens til Track Records i England og Tetragrammaton Records i USA. Two Virgins vart tett følgt av det første Beatles-albumet som vart utgjeve på Apple-merkt, The Beatles (White Album), i sal frå 25. november.

Nokre andre Beatles-album som vart utgjeve på Apple-merkt er:

Selskapet utgav òg singel. Ein av dei med mest suksess kom ikkje frå The Beatles eller ein av medlemmane til gruppa. Det var Mary Hopkin sin Those Were the Days. Han vart utgjeve i fire språkutgåver. Den engelske teksten til songen var skriven av Gene Raskin, og innspelinga vart produsert av Paul McCartney.

Musikkartister på Apple Records[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar av The Beatles og gruppene deira[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Selskap med liknande namn[endre | endre wikiteksten]

Ein del andre selskap hadde namn som likna på Apple Records, ein del er:

  • Bad Apple Records
  • Big Apple Records
  • Black Apple Records
  • Crab Apple Records
  • Mountain Apple Records
  • Screaming Apple Records
  • Tomato Records
  • (Zapple Records er ei undergruppe av Apple Records)

Apple-parodiar[endre | endre wikiteksten]

  • I den britiske komedien All You Need Is Cash (1978), som handlar om det fiktive 60-talsbandet The Rutles, blir plateselskapet Rutle Corps danna, som har ei banan som logo. Deira forretningsidé var å gje pengar til alle som ville ha.
  • I Simpsons-episoden Homer's Barbershop Quartet blir The Beatles parodiert. Homers band, The Be Sharps, dannar sitt eige plateselskap kalla Doughnut Records der logoen er ein rosa smultring. (Scena er med på DVD-en, ikkje i TV-versjonen.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]