Apples and Oranges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apples and Oranges
av Pink Floyd
B-side «Paint Box»
Utgjeve 18. november 1967
Innspelt oktober 1967
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:08
Selskap Columbia (EMI) (UK)
Låtskrivar(ar) Syd Barrett
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
«Flaming»
(1967)
Apples and Oranges «It Would Be So Nice»
(1968)

«Apples and Oranges» er den tredje singelen til Pink Floyd. Han kom ut i 1967 og er den siste singelen deira skriven av Syd Barrett. B-side var «Paint Box», skriven av Richard Wright. Songen omhandlar ei jente som forteljaren møter på supermarknaden. Det er ein av få songar av Pink Floyd som handlar direkte om kjærleik.

Pink Floyd, i lag med Barrett, mima til songen å den første framsyninga i USA på American Bandstand. Etter at Barrett vart erstatta av David Gilmour vart det spelt inn ein promofilm på ein fruktmarknad i Belgia der Waters mimer til songen.

Dette var den første singelen deira som ikkje nådde lista i Storbritannia, og det amerikanske selskapet deira, Tower Records gav ut ein annan singel i USA, «Flaming». Waters gav Norman Smith skulda for det dårlege salet: «'Apples and Oranges' vart øydelagd av produksjonen. Det er ein jævla god song.»[1]

Begge sider av singelen var miksa i stereo, men singelen vart gjeven ut i mono. Stereomiksen av «Paintbox» kom sidan ut på Relics i 1971 og begge songane finst i stereo på samlinga Masters of Rock frå 1974.

Syd Barrett sa sjølv om songen: «Det er ein gladsong med ein snert av jul. Han handlar om ei jente eg såg vandrande rundt i byen, i Richmond.»[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schaffner, Nicholas. Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey. s. 98. 
  2. MacDonald, Bruno. Pink Floyd: Through the Eyes of the Band, Its Fans, Friends and Foes. s. 188. 
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey