Appletonsjikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ionosfærelaga avhengig av tid på dagen

Appletonsjikt, Appelton-laget eller F-laget, ligg rett over Heaviside-laget (E-laget) og under protonosfæren i jordatmosfæren. Det er kalla opp etter den engelske fysikaren Edward Victor Appleton som fekk Nobelprisen i fysikk i 1947 for oppdaginga av dette laget. Laget fungerer som ein påliteleg reflektor av radiosignal sidan det ikkje er påverka av atmosfæriske tilhøve, sjølv om ionesammensetnaden varierer med solflekksyklusen. Det reflekterer normalhendingsfrekvensar ved eller under den kritiske frekvensen (ca 10 MHz) og absorberer delvis bølgjer av høgare frekvens.

Appletonsjikt er som tettast i ei høgd på rundt 200 km. Her er tettleiken av den omgjevande lufta så låg at rekombinasjonen går langsamt. Difor finst Appletonsjiktet òg om natta, om enn med minkande elektrontettleik. Appletonsjiktet vert ofte delt i to separate lag på dagtid, F1 og F2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]