Apt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apt
Apt by JM Rosier.JPG
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Vaucluse
Geografi
Flatevidd
 - By

44,57 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

11 229
  252/km²
Koordinatar 43°52′″N 05°24′″EKoordinatar: 43°52′″N 05°24′″E
Høgd over havet 253 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 84400
Heimeside: www.ot-apt.fr

Apt (oksitansk At / Ate) er ein by og kommune søraust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vaucluse i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og har om lag 12 000 innbyggjarar. Byen ligg ved venstre breidda av Coulon, 65 km aust for Avignon. Han er den største byen i fjella Luberon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Apt ligg nord for Aix-en-Provence og elva Durance.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Apt var ein gong den viktigaste byen for Vulgientes, ei gallisk stamme, men vart øydelagd av romarane rundt 125 fvt.. Byen vart bygd opp att av Julius Cæsar, som gav han tittelen Apta Julia. Byen vart mykje øydelagd av lombarane og saracenarane, men festningsverka vart bygd opp att av grevane av Provence. Bispedømet vart grunnlagd på 200-talet. Castor av Apt var biskop i byen på 400-talet. Bispedømet vart avskaffa i 1790 under den franske revolusjonen.

Viktige manuskipt, som omhandla musikk, vart funne i Apt på 1100- og 1200-talet. Dei er kjend som Apt-manuskriptet eller Ivrea-kodeksen. Dei inneheld motettar og messer, som alle er polyfoniske. Ni av fjorten motettar av Philippe de Vitry er skrive ned i kodeksen, ei samling av 81 komposisjonar frå 1360. Ein meiner at kodeksen opphavleg vart nytta i pavepalasset i Avignon.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

I området vert det produsert vin, honning og trøflar.