Aptenodytes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aptenodytes


Keisarpingvin (Aptenodytes forsteri),  på Adélie Land. Foto: Samuel Blanc
Keisarpingvin (Aptenodytes forsteri), på Adélie Land.
Foto: Samuel Blanc

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Aptenodytes
Vitskapleg namn
Aptenodytes
Miller,JF, 1778
Utbreiing, dei to store pingvinane

Aptenodytes er ei biologisk slekt av dei to største pingvinartane. Det vitskaplege namnet, Aptenodytes, kjem frå gresk og tyder omtrent 'dukkarar som saknar venger'.

Desse pingvinane har svart rygg og venger samt ein kvit buk. Ved halsen og kinna finst guloransje mønstre.

Trass i at dei iblant blir skildra som typiske pingvinar, skil dei seg frå dei fleste andre artar i pingvinfamilien. Dei er monaleg større og dei førebur ikkje noko form for reirplass til hekkinga. Aptenodytes-pingvinar har derimot ein hudfald mellom beina som dekker over egga under ruging, ein anatomisk detalj som ikkje finst hos nokon annan pingvin.

Artane er keisarpingvin (Aptenodytes forsteri), og den litt mindre kongepingvin (Aptenodytes patagonicus). Ein art er utdøydd, Aptenodytes ridgeni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aptenodytes