Aqraa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°57′9″N 35°58′9.5″E
Aqraa
جبل الأقرع
fjell
none  Aqraa ved byen Kesab
Aqraa ved byen Kesab
Land Flag of Syria.svg Syria, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Guvernat guvernatet Latakia
høgd 1 709 moh
koordinatar 35°57′9″N 35°58′9.5″E
Syria location map2.svg
Locator Red.svg

Aqra (arabisk جبل الأقرع, ǧabal al-Aqra); òg kjend som Safon i Bibelen, og Casius for grekarane) er eit fjell nær munningen til elva Orontes på grensa mellom Syria og Tyrkia, kring 10 km nord for Ras Shamra.

Aqraa frå den tyrkiske sida.

Det stig bratt opp frå ei smal kystslette, Jebel Aqra, og er eit kjennemerke for sjøfolk i området med ei lang historie som heilagt fjell.[1]

I følgje ugaritiske tekstar var fjellet det heilage fjellet der stormguden Baal (Baal-Hadad i kananittisk mytologi), der palasset hans vart reist av lasurstein og sølv, og der lynet hans slo den nærliggande sjøen (Yam) og Døden (Mot). Fjellet hadde ein kult som heldt til her og i følgje mytologien budde gudinna Anat på toppen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robin Lane Fox, Travelling Heroes in the Epic Age of Homer (New York:Knopf) 2009, ch. 15:"A Travelling Mountain" s 243-58, assembles a well-referenced cultural history of the mountain, followed in this article.
  2. Fox 2009:244.