Arabisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den arabisktalande verda
Kazim Al Sahir frå Irak er hylla som ei levande legende i den arabiske musikkverda.

Arabisk musikk (arabisk: موسيقى عربية; mūsīqā ʿarabīyya) inneheld fleire sjangrar og musikkstilar, alt frå arabisk klassisk musikk til arabisk popmusikk, og frå sekulær til religiøs musikk, først og fremst resitasjonar av Koranen.

Arabisk musikk har ei lang historie med utveksling mellom regionale musikkstilar og sjangrar. Den er ei blanding av musikken til arabarane på den arabiske halvøya og musikken til alle folkegruppene som utgjer den arabiske verda i dag. I tillegg har den vore, og er stadig påverka av gamal egyptisk musikk, gresk antikk musikk, persisk, kurdisk, assyrisk, tyrkisk, indisk og nord-afrikansk musikk (berber), afrikansk musikk (swahili) og europeisk musikk (flamenco).

Den somaliske munnlege tradisjonen omfattar ei rekkje dikt og ordspråk, der mykje handlar helgenar innan sufismen og deira liv. Musikken finst i mange variantar, mellom anna i songar for bryllaup, krig, lovsong og hyllingar. Arabisk religiøs musikk inkluderer jødisk, kristen og islamsk musikk.

Blant dei mest populære, moderne arabiske songarane i dag kan ein nemne Nancy Ajram (Libanon), Kazim Al Sahir (Irak), Amr Diab (Egypt), Tamer Hosni (Egypt), Cheb Khaled (Algerie), Cheb Mami (Algerie) og Samira Said (Marokko).