Arafatberget
Arafatberget (arabisk: جبل عرفات, Jabal 'Arafat) (også kalla Arafathøgda eller Arafatfjellet) er ein granittås aust for Mekka. Det er også kjent som Nådefjellet (Jabal ar-Rahmah). Åsen er staden der Muhammed leverte avskjedstalen sin til muslimane som hadde følgt han under hajj då livet hans nærma seg slutten. Det er omtrent 70 m høgt.
Området som omringar Arafatberget vert kalla for Arafatsletta. Nemninga Arafatberget vert nokre gonger brukt om både åsen og sletta. Det er ein viktig stad i islam, fordi pilegrimane brukar ettermiddagen der under hajj, på den niande dagen av Dhû l-Hijja (ذو الحجة). Å vere til stades på Arafatsletta på rett dag er avgjerande for at pilegrimsreisa skal vere gyldig. Mange pilegrimar vert verande heile natta i ei vakenatt.[1]
Fotnotar [endre]
- ↑ Karen Armstrong (2000, 2002) Islam: A Short History, s. 11 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-8129-6618-x.