Aragón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aragón
Flagget til Aragón Våpenet til Aragón
Flagget til Aragón Våpenet til Aragón


Plassering
Plassering av  Aragón
Styresmakter
Provinsar 3
Hovudstad Zaragoza
President Marcelino Iglesias Ricou (PSOE)
Geografi
Flatevidd
47 719 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

1 277 471
  26,8 /km²
Koordinatar 41°00′″N 1°00′″WKoordinatar: 41°00′″N 1°00′″W
Annan informasjon
Postnummer AR
Nettstad: www.aragon.es

Aragón (katalansk Aragó) er ein autonom region i Spania. Han ligg nordaust i landet og er vidare delt inn i tre provinsar. Frå nord til sør er desse Huesca, Zaragoza og Teruel. Hovustaden i regionen er Zaragoza.

Den nordlege provinsen i Aragón, Huesca, grensar til Frankrike og ligg midt i Pyreneane. I Spania grensar regionen til Catalonia i aust, Valencia og Castilla-La Mancha i sør og Castile y León, La Rioja og Navarra i vest.

Regionen har eit areal på 47 719 km² og har eit landskap som varierer stort frå permanente isbrear til grøne dalar, rike beiteland og frukthagar til tørre sletter i det sentrale låglandet. Det finst mange elvar i Aragón og den mest kjende av dei er Ebro som er den største elva i Spania ut frå vassmengd. Ho går frå vest til aust gjennom heile regionen i provinsen Zaragoza. Her finst òg Aneto, det høgaste fjellet i Pyreneane.

I 2006 hadde regionen opp under 1,3 millionar innbyggjarar og halvparten av desse bur i Zaragoza.

I tillegg til dei tre provinsane er Aragón delt inn i 33 comarcas eller fylke, alle med ein rik geopolitisk og kulturell historie frå den førromerske og romerske tida som Marca Superior, fire hundreår under muslimane som kongedømet (eller taifa) Saraqustah, og som land som ein gong høyrde til den frankiske spanske marken Marca Hispanica. Seinare var Aragón eit grevskap som danna Kongedømet Aragon og til slutt riket eller krona Aragon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med låg folketettleik er store område av Aragón vilt og realtivt urørt. Her finst store naturlege kontrastar, både klimatisk og geologisk, frå grøne dalar og snødekte fjelltoppar i Pyreneane til tørre sletter og einsame åsar i sør.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Ein foss i dei aragonesiske Pyreneane

Dei aragonesiske Pyreneane består av storartar og varierte landskap med høge fjelltoppar, djupe kløfter, djupe skogar og flotte fossar. Av fjell finn ein Aneto (3404 moh), det høgaste fjellet i Pyreneane, Monte Perdido (3355 moh), Perdiguero (3221 moh), Cotiella (2912 moh) og mange fleire.

Ordesa nasjonalpark, nær grensa til Frankrike, har nokre av dei flottaste landskapa i Europa med kløfter, isgrotter, mange fossar og eit variert dyreliv med endemiske artar. Parken er òg ein av dei siste stadane i Pyreneane der ein finn rovfuglar. Om vinteren vert fjella nytta til vintersport.

Dei største dalane i fjella er Hecho, Canfranc, Tena, Benasque og andre. I dei grøne dalane finst små landsbyar med romanske kyrkjer og typiske hus for Pyreneane. Den eldste romanske kyrkja i Spania ligg i mellomalderbyen Jaca heilt nord i Huesca.

Ved foten av Pyreneane ligg Mallos de Riglos, ein kjend steinformasjon. På fleire av dei einsame åsane ligg gamle slott, som Loarre-borga.

Lenger sør ligg Ebrodalen som er eit rikt og frodig jordbruksområde med store kornåkrar, frukt- og grønsaksavlingar. Her finst òg mange rolege landsbyar, borger og romereske ruinar. Nokre av dei mest kjende småbyane her er Calatayud, Daroca, Sos del Rey Catolico og Caspe.

Sør for Zaragoza og Ebrodalen stig landskapet igjen til Sistema Iberico, ei fjellkjede som skil Ebrodalen frå Meseta Central og slettene i Castilla-La Mancha. Det høgaste fjellet i denne fjellkjeda er Moncayo (2313 moh) og sjølv om området får mindre snø enn Pyreneane finst det skistader her òg.

Vinter i Huesca

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Aragón er definert som moderat kontinentalklima og dei største skilnadane skjer med høgda. Dei sentrale områda av Aragón er berre 200 meter over havet og den normale årsmiddeltemperaturen er på 14 °C. Nord og sør for Ebrodalen, der høgda stig til kring 500 meter over havet, er temperaturen to grader lågare. I fjella, mellom 600 moh og 1000 moh er tempeaturen mellom 11 og 12 °C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Portane i Daroca

Før Aragón eksisterte som eit sjølvutnemnt kongedøme i 1035 e.Kr., var dei nordlege fylka Jaca, Sobrarbe og Ribagorza alle sjølvstendige mark og frankiske føydale len. For å drive bort frankarane og muslimane, vart det oppretta ein nordleg allianse mellom grevskapa Aragón, Sobrarbe, Ribagorza og hertugdømet Castilla, samt kongedømet Pamplona (seinare Navarra). Etter kong Sancho døydde, vart kongedømet delt mellom sønene hans. Ramiro I vart den første kongen av Aragon; seinare, etter broren Gonzalo døydde, vart han òg konge over Sobrarbe og Ribagorza. Det nye kongedømet Aragón voks raskt og tok over Navarra. Dette kongedømet erobra det muslimske kongedømet og byen Zaragoza i 1118. Delt frå kongedømet Navarra, vart kongedømet Aragón gjenoppretta i 1035 og vart som eit eige kongedøme til 1591 då Felipe II av Castilla invaderte Zaragoza og sendte ut Nueva Planta-resolusjonen, som gjorde dei aragnoesiske lovene ugyldige og annekterte kongedømet Aragón til Castilla. Kongedømet Spania vart då skapt.

Loarre, ein av dei viktigaste romanske borgene i Europa.

Familieunionen mellom Petronila, dronning av Aragon og Ramon Berenguer IV, greve av Barcelona, førte til ein son, Alfonso II av Aragon som arva landområda til foreldra og slik skapte kongemakta Aragón som inkluderte alle landområda, titlane og statane som til då hadde vore utanfor kongedømet Aragón. Denne kongemakta endra brått etter familieunionen med Castilla (sjå under) men tittelen var i bruk fram til 1714. Kongefamilien Aragon (av somme historikarar i dag kalla «kongar av Aragón og grevar av Barcelona») styrte dei administrative regionane Aragon, Catalonia og seinare Balearane, Valencia, Sicilia, Napoli og Sardinia (sjå Det aragonesiske riket).

I kongemakta Aragón var kongen direkte konge av det aragonesiske området, men hadde òg tittelen konge av Valencia, konge av Mallorca (for ein periode), greve av Barcelona, herre av Montpellier og (mellombels) greve av Aten og Neopatria. Kvar av desse titlane gav han suverenitet over eit visst område og desse titlane endra seg etter kvart som han vann eller tapte landområde.

Det mislykka franske åtaket på Zaragoza i 1808

Under den spanske arvefølgjekrigen rykte dei tyske, britiske og nederlandske troppane fram og vart slått av den spanske armeen i slaget ved Zaragoza i 1710. Som følgje av dette slaget vart Felipe V tvungen til å forlate Madrid og trekke seg tilbake til Valladolid.

Under den spanske sjølvstendekrigen vart den aragonesiske hovudstaden utsett for to harde omleiringar. Under omleiringa i 1808 slo spanjolane under General Palafox ein større fransk styrke. I 1809 ei særleg blodig omleiring vart spanjolane knust av ein langt større fiendtleg styrke. Under omleiringa vart nesten 30&nsbp;000 av garnisonen og innbyggjarane i byen (av totalt 32 000) slakta i staden for å at dei overgav byen. To veker etter dei hadde brote gjennom bymurane måtte franskmennene kjem seg frå hus til hus og frå plass til plass inne i byen.

Under den spanske borgarkrigen vart det opretta fleire anarkistiske kollektiv i Aragon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aragón

Kjelder[endre | endre wikiteksten]