Aragats
| Aragats | |
| vulkan | |
|
Aragats
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Litle Kaukasus |
| høgd | 4 095 moh |
| koordinatar | |
| Geologi | Holocen |
| Vulkantype | Stratovulkan |
Aragats (Արագած på armensk) er det høgaste fjellet i Armenia, og ligg i provinsen Aragatsotn, nordvest for Jerevan. Fjellet er ein frittståande, utdøydd vulkan (stratovulkan) med fire toppar som dannar kanten av krateret, og er ein populær stad for lokale fjellklatrarar. I fjellsida ligg Bjurakan-observatoriet og Amberd-festninga frå mellomalderen. Observatoriet er verdskjend, og er eit av hovudobservatoria i verda. Aragats er òg eit populært mål for turistar, særleg om sommaren. Sør for fjellet ligg byen Asjtarak, som er den største byen i området, og på andre sida ligg fleire mindre byar og landsbyar.
Segn [endre]
I følgje segna skal Grigor Lusavorich (Gregor Lysbringaren) ha klatra til toppen av Aragat for å be, då han såg eit lys som kom ned mot han frå himmelen. Segna hevdar at ein framleis kan sjå dette lyset i dag, men berre dei som er vald ut til å kunne sjå det.