Aralish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aralish eller arabish er arabisk skrive med arabisk chattealfabetet, ei tilpassing for å skrive arabisk med latinsk alfabet ved kommunikasjon på internett eller med tekstmeldingar. Slik kommunikasjon er ikkje alltid mogleg ved ordinær chat eller SMS. Dei som skriv aralish, har funne på løysingar for å transkribere nokre av dei bokstavane som ikkje finst i det latinske alfabetet. Aralish blir skrive frå venstre mot høgre, motsett skrivemåten i arabisk, sidan datamaskiner og mobiltelefonar er konstruert for å skrive fra venstre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei siste tiåra, spesielt i 1990-åra, har vestleg kommunikasjonsteknologi spreidd seg til den arabarlanda gjennom datamaskiner, interentt, e-post, og mobiltelefonar. Denne teknologien kunne i utgangspunktet berre kommunisere med tal og latinske bokstavar, og teknologien er enno ikkje fullt utbygd for bruk av arabisk skrift. Som svar på dette måtte arabisktalande personar skrive om arabiske bokstavar til latinske. For arabiske bokstavar som ikkje hadde tilsvarande fonetisk bokstav i latinsk alfabet, brukte ein i staden tal eller andre bokstavar. For eksempel brukast talet "3" for å representere den arabiske bokstaven "ع" ("ayn").

Skrivemåten blir kalla "aralish" eller "arabish", sidan skrivemåten for mange framstår som ein blanding av arabisk og english.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Aralish blir først og fremst brukt av arabisk ungdom i uformelle samanhengar. Mange unge i Midt-Austen, og unge arabiskspråklege europearar, brukar aralish når dei skriv arabisk. I arabiskspråklege miljø ser mange Aralish som eit trugsmål mot det reine arabiske språket. Andre meiner aralish tar vare på det arabiske språket, sidan mange arabisktalande som har innvandra til Europa ikkje meistrar dei arabiske skriftteikna. For dei er aralish eit alternativ til engelsk.[1]

Jamføringstabell[endre | endre wikiteksten]

isolert initialt medialt finalt Aralish IPA
أ ؤ إ ئ ٵ ٶ ٸ, etc. 2 [ʔ]
a/i/u olika, bland annat [aː]
b [b]
t [t]
th [θ]
g / j [ʤ] / [ɡ]
7 [ħ]
5 / 7' / kh [x]
d [d]
dh / z [ð]
r [r]
z [z]
s [s]
sh [ʃ]
S / 9 [sˁ]
ﺿ D / 9' [dˁ]
T / 6 [tˁ]
Z / T' / 6' [ðˁ] / [zˁ]
3 [ʕ] / [ʔˁ]
gh / 3' [ɣ] / [ʁ]
f [f]
q / 8 [q]
k [k]
l [l], [lˁ] (endast i Allah)
m [m]
n [n]
h [h]
w [w] , [uː]
i / y [j] , [iː]

Døme[endre | endre wikiteksten]

thahab ma3a alree7
standardarabisk: ذهب مع الريح
norsk: Borte med vinden
alsalam 3alikom wa ra7mato Allah wa barakatoh
standardarabisk: السلام عليكم ورحمة الله وبركاته
transkribering: Al-salam aleykum wa-raћmatu 'llah wa-barakatuh
norsk: Fred vere med deg og Guds nåde over deg!
ba9al aw 6ama6em / basal aw tamatem
standardarabisk: بصل أو طماطم
norsk: Løk eller tomat
bri6ania al3o'6ma / britanya el 3ozma
standardarabisk: بريطانيا العظمى
norsk: Storbritannia


Kjelder[endre | endre wikiteksten]