Aralsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Aralsjøen | |
|---|---|
|
|
|
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | Endorheisk |
| Tilsig | Amu-Darja, Syr-Darja |
| Tilknytta land | Kasakhstan, Usbekistan, Turkmenistan, Tadsjikistan, Afghanistan |
| Overflateareal | 17 160 km² (2004), 28 687 km² (1998) 68 000 km² (1960) |
| Busetnadar | Aral |
Aralsjøen (kasakhisk: Арал Теңізі, Aral Tengizi; usbekisk Orol dengizi; russisk Аральскοе мοре, tadsjikisk/persisk Daryocha-i Khorazm) er ein endorheisk innsjø i Sentral-Asia. Han ligg mellom Kasakhstan i nord og Karakalpakstan, ein autonom region i Usbekistan, i sør. Namnet tyder om lag «Sjøen med øyane» og refererer til dei meir enn 1 500 øyane som er, eller var, i innsjøen.
Sidan 1960-åra har Aralsjøen krympa sidan elvane som renn ut i han (Amu-Darja og Syr-Darja) i stor grad vart kanaliserte og nytta til kunstig vatning av Sovjetunionen. I 2004 var innsjøen berre 25 % av den opphavlege storleiken og saltinnhaldet hadde auka nesten fem gonger, noko som har tatt livet av det meste av det naturlege plante- og dyrelivet. Aralsjøen er òg kraftig forureina som følgje av våpentesting, industri og avrenning frå gjødsling.
Innhaldsliste |
[endre] Økologiske problem
Det største økologiske problemet til innsjøen er endringane som vart gjort med elvane Amu-Darja og Syr-Darja for at dei skulle nyttast til kunstig vatning. Som følgje av dette har vassnivået i Aralsjøen minka dramatisk dei siste femti åra. Dette har ført til store økologiske og økonomiske problem for sjøen og området rundt. I tillegg har rå kloakk vorte dumpa direkte i innsjøen i løpet av dei siste førti åra, noko som har tatt livet av mange naturlege fiskeartar.
[endre] Historie
I 1918 avgjorde den russiske regjeringa at dei to elvane som renn ut i Aralsjøen, Amu-Darja i sør og Syr-Darja i nordaust, skulle nyttast til å vatne ørkenen rundt innsjøen, slik at ein kunne dyrke ris, melonar, korn og bomull. Dette vart til slutt ein realitet og i dag er Usbekistan ein av dei største eksportørane av bomull i verda.[1])
Utbygginga av kanalen starta på stor skala i 1940-åra. Mange av kanalane var dårleg bygd og vatnet lak ofte anten ut eller fordampa. Frå Qaraqumkanalen, den største i Sentral-Asia, gjekk kanskje 30–75 % av vatnet til spille. I dag er berre 12 % av den totale lengda til kanalane i Usbekistan vasstette.
I 1960 vart mellom 20 og 60 kubikkilometer med vatn ført til landområda rundt i staden for til Aralsjøen. Dermed byrja vassnivået i Aralsjøen å søkke. Frå 1961 til 1970 fall nivået med om lag 20 cm i året, men i 1970-åra vart dette nesten tredobla til 50–60 cm per år. I 1980-åra auka dette ytterlegare til 80–90 cm kvart år. Mengda av vatn som vart ført bort frå elvane dobla seg mellom 1960 og 2000 og samstundes dobla bomullsproduksjonen i same perioden.
Uttørkinga av innsjøen kom ikkje overraskande på sovjetarane, og dei hadde forventa at det skulle skje lenge før. Sovjetunionen rekna Aral for å vere «naturen sin feil» og ein sovjetisk ingeniør sa i 1968 at det var «opplagt at fordampinga frå Aralsjøen ikkje var mogeleg å unngå»[2]
[endre] Noverande situasjon
Overflatearealet av Aralsjøen minka med om lag 60 % og volumet med heile 80 %. I 1960 var Aralsjøen den fjerde største innsjøen i verda med eit areal på om lag 68 000 km² og eit volum på 1 100 km³. I 1990 hadde arealet fall til 28 687 km² og var no den åttande største i verda. I same perioden hadde saliniteten endra seg med frå om lag 10 g/l til om lag 45 g/l. I 2004 var overflatearealet til Aralsjøen berre 17 160 km², 25 % av den opphavlege storleiken, og innsjøen held framleis på å tørke inn.
Nyleg vart det oppdaga at innsjøen fekk vatn frå undergrunnskjelder, men dette vil ikkje vere noko til å stoppe uttørkinga. Innstrauminga på 4 milliardar kubikkmeter vatn kvart år er større enn tidlegare estimat. Dette grunnvatnet har opphavet sitt i fjella Pamirfjella og Tian Shan og renn gjennom geologiske lag i ei brotsone på botn av Aralsjøen.
I 1987 vart innsjøen delt inn i to innsjøar. Nord-Aralsjøen (den minste av dei) og Sør-Aralsjøen (den største). Ein kunstig kanal vart greve ut mellom dei, men denne kanalen forsvann i 1999 då vassnivået framleis sokk. I 2003 vart Sør-Aralsjøen vidare delt inn i ein austleg og ein vestleg del. Fordampinga i den nordlege delen av Araljsjøen har i det siste delvis vorte reversert.
Det er starta prosjekt får å delvis gjenopprette vassnivået i Nord-Aralsjøen. Vatningsanlegga i Syr-Darja er reparert og gjort betre for å auke vasstraumen. I oktober 2003 annonserte den kasakhstanske regjeringa ein plan om å byggje ein betongdemning (Kokaraldiken) mellom dei to halvdelane av Aralsjøen. Demningen stod ferdig i august 2005 og sidan den gong har vassnivået i Nord-Aralsjøen stige og saliniteten har minka igjen. I 2006 vart det registrert at vassnviået auka raskare enn venta.[3] Vassnivået steig frå botnnivået på 30 m til 38 meter og vil truleg nå 42 meter som vert rekna som levedyktig.[4] Fiskebestanden har auka så pass at det er økonomisk å drive fangst på han igjen. I 2006 vart det eksport fisk frå Nord-Aralsjøen så langt bort som Ukraina. Det auka vassnivået førte òg til auke i regnskyer og påverka truleg mikroklimaet i området.[5] Sjøen låg ei stund 100 km frå den tidlegare hamnebyen Aralsk men er i dag berre 25 km unna. Det er planar om å byggje ein ny kanal for å knyte Aralsk til innsjøen igjen. Konstruksjonen skal byrje i 2009 og ein håpar at avstanden frå innsjøen til byen då berre skal vere 6 km. Ein ny demning, finansiert med eit lån til Kasakhstan frå Verdsbanken, vil òg starte i 2009.[6]
Sør-Aralsjøen, som ligg i det fattigare Usbekistan, har stort sett vorte overlate til seg sjølv. Prosjekta i nord har derimot gjeve håp for den sørlege delen òg. Ei sluse i diken vert stundom opna for å sleppe ut overskotsvatn i den nesten uttørka Sør-Aralsjøen. [7] Det har vore diskusjonar om ein skal byggje ein ny kanal mellom dei to delane av Aralsjøen[3], men mangel på politisk vilje har ikkje ført til noko meir så langt. Usbekistan har så langt ikkje hatt ønske om å gjere endringar i Amu-Darja, sidan ho gjev mykje vatn til bomullsproduksjonen, og har heller ytra at dei vil leite etter olje i dei opptørka områda i Sør-Aralsjøen.[8] Dei store saltslettene [9][10] som tidlegare dekka botn av innsjøen produserer i dag stundom støvstorm,[11] og har gjort vintrane kaldare og somrane varmare.[12] Ein har prøvd å dempe desse effektane med å plante vegetasjon på den tidlegare sjøbotnen. I Nord-Aralsjøen har det auka vassnivå delvis moderert desse effektane i enkelte område og om våren er det no igjen periodar med regn, som ein lenge var utan då vassnivået var lågare.Cite error: Closing </ref> missing for <ref> tag
I januar 1994 signerte Kasakhstan, Usbekistan, Turkmenistan, Tadsjikistan og Kirgisistan ein avtale som forplikta dei til å gje 1 % av statsbudsjetta deira til å betre tilhøva i innsjøen. I 2006 førte lån frå Verdsbanken til prosjekt i Nord-Aralsjøen som gav uventa gode resultat.[13]
[endre] Biovåpenanlegg på Vozrozjdenija
- For meir om dette emnet, sjå Vozrozjdenija .
I 1948 opna eit topphemmeleg sovjetisk laboratorium for biologiske våpen på øya Vozrozjdenija midt i Aralsjøen (i dag eit omstridd område mellom Kasakhastan og Usbekistan). Ein kjenner enno ikkje til den eksakte historia, funksjonane og den noverande statusen til anlegget. Anlegget vart forlate i 1992 etter oppløysinga av Sovjetunionen. Vitskaplege ekspedisjonar til øya viste at det hadde vore testa og seinare lagra biologiske våpen her. I 2002 organiserte forskarar frå USA og Usbekistan ein operasjon for å nøytralisere ti stader der det var gravlagd våpen med miltbrannsporer. I følgje kasakhstanske styresmakter vart alle nedgravingsstadene reinsa. [14]
[endre] Utviklinga av Aralsjøen
Ergasj Sjaismatov, visestatsminister i Usbekistan, annonserte i august 2006 at den usbekistanske regjeringa i lag med eit internasjonalt konsortium av det statseigde Uzbekneftegaz, LUKoil, Petronas, Korea National Oil Corporation og China National Petroleum Corporation hadde signert ein produksjonsavtale for å leite etter og utvikle olje- og gassfelt i Aralsjøen.[15]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aral Sea» frå Engelsk Wikipedia, den 10. januar 2008.
[endre] Fotnotar
- ↑ http://www.cotton.org/econ/cropinfo/cropdata/rankings.cfm
- ↑ Bissell, Tom. "Eternal Winter: Lessons of the Aral Sea Disaster". Harper's, april 2002, s. 41–56.
- ↑ 3,0 3,1 Aralsjøen vender tilbake
- ↑ Ilan Greenberg: As a Sea Rises, So Do Hopes for Fish, Jobs and Riches The New York Times, 6. april 2006 [1]
- ↑ Mirakuløs fangst i Nord-Aralsjøen
- ↑ [2] slik at Nord-Aralsjøen kan utvidast til den tidlegare hamnebyen Heralsk."The return of the sea", Times Online, 23. juni 2007
- ↑ Redd eit hjørne av Aralsjøen
- ↑ The return of the sea, Times Online, 23. juni 2007
- ↑ Godwin O. P. Obasi, Utfordringar og mogelegheiter i handsaming av vassressursar, Verdas meteorologiorganisasjon , 11. februar 2003
- ↑ Aralsjøen på Encyclopædia Britannica, 2007. Britannica Concise Encyclopedia. 5 feb. 2007
- ↑ Støvstorm i Aralsjøen, NASA Earth Observatory 30. juni 2001
- ↑ Phillip Whish-Wilson, Aralsjøen, ein miljømessig helserisiko, Journal of Rural and Remote Environmental Health, Vol. 1, No. 2 (2002)
- ↑ BBC dokumentaren «A Witch's Brew», del 2, [3], program i mp3-format: [4]
- ↑ Kazakhstan: Vozrozhdeniya Anthrax Burial Sites Destroyed (HTML) (5. sep. 2006). Vitja 5. sep. 2006.
- ↑ Internasjonalt konsortium leitar etter olje i Uralsjøen ITAR-Tass
[endre] Litteratur
- Micklin, Philip. The Aral Sea Disaster. Annual Review of Earth and Planetary Sciences. 2007. Volume 35, pp. 47--72. http://arjournals.annualreviews.org/doi/pdf/10.1146/annurev.earth.35.031306.140120
- Bissell, Tom. "Eternal Winter: Lessons of the Aral Sea Disaster". Harper's, April 2002, pp. 41–56.
- Bissell, Tom. "Chasing The Sea: Lost Among the Ghosts of Empire in Central Asia". Vintage Departures, October 2004.
- Ellis, William S. "A Soviet Sea Lies Dying". National Geographic, February 1990, pp. 73–93.
- Ferguson, Rob. "The Devil and the Disappearing Sea". Vancouver, Canada: Raincoast Books,2003.
- Glazovsky, Nikita F. 1995. "The Aral Sea Basin" in Kasperson, Jeanne, Roger Kasperson, and B.L. Turner, ed. Regions at Risk: Comparisons of Threatened Environments (New York: United Nations University Press, 1995) p. 92.
- Bendhun F. og Renard Ph. (2004) «Indirect estimation of groundwater inflows into the Aral sea via a coupled water and salt mass balance model» – Journal of Marine Systems, bind 47, s. 35-50. Samandrag på nett
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kart over og informasjon om Aralsjøen
- Kasakhstan og Verdsbanken sitt forsøk på å redde Aralsjøen, 14. desember2006
- BBC-artikkel av David Shukman om den høge kreftraten i Muynak i Usbekistan, 29. juni 2004
- Artikkel i New Scientist 21. juli 2003
- Artikkel på BBC om den planlagde demningen 29. oktober 2003
- BBC-artikkel om lånet frå Verdsbanken, 9. april 2007
- EcoWorld-artikkel "Arctic to Aral", 6. november 2005
- Satellittbilete av Aralsjøen på Visible Earth
- Earth Observatory: Vozrozjdenija vert landfast
- Earthshots: Satelittbilete av miljøendringane - U.S. Geological Survey
- Miltbrannfaren ved Aralsjøen på cnn.com
- Atlas over miljøendringane våre - SN sitt miljøprogram
- http://www.kazakhstanlive.com

