Aranca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aranca
Zlatica/Златица
Aranka
elv
Zlatica ved Padej (Serbia)
Land  Romania,  Serbia
Nedslagsfelt 1 470 km²
Lengd 117 km
Munning Tisa nær Ada i Serbia
Kart
Aranca
45°48′44″N 20°08′54″E / 45.812128°N 20.148303°E / 45.812128; 20.148303
Wikimedia Commons: Aranca/Zlatica
Bru over Zlatica nær Crna Bara.
Dette er staden nær Padej der Zlatica munnar ut i Tisa.

Aranca (rumensk Aranca, serbisk Zlatica (Златица), ungarsk Aranka) er ei 117 km lang elv i regionen Banat i Romania og Serbia, ei sideelv til Tisa frå venstre.

Løp[endre | endre wikiteksten]

Aranca spring ut i Romania, nord i Banat, sørvest i Arad. Ho renn vestover og etter 76 km renn ho inn i Serbia, der ho renn dei siste 41 km.

I Serbia snur elva sørvestover og mottar Kikinda-kanalen frå høgre, som er knytt til Donau-Tisa-Donau i sør. Ho munnar ut i Tisa nær byen Ada. Nær landsbyen Banatski Monoštor mottar Zlatica den største sideelva si, ei anna rumensk-serbisk elv kalla Begej.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Aranca høyrer til nedslagsfeltet til Donau og har sjølv eit nedslagsfelt på 1470 km² (790 km² i Romania, 680 km² i Serbia). Den nedre delen av elva er kanalisert, så ho er framkommeleg for skipsfart minst 10 km, og er ei viktig vasskjelde for jordbruksområda i dalen.

Busetnader ved elva[endre | endre wikiteksten]

Romania[endre | endre wikiteksten]

Serbia[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aranca River» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2009.
  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
  • Srpska porodična enciklopedija, Vol. X (2007); Narodna knjiga og Politika NM; ISBN 978-86-331-2739-4
  • Administraţia Naţională Apelor Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
  • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
  • ICPA - Comune vulnerabile - Judeţul Timiş [1] Arkivert 2008-04-09 ved Wayback Machine.
  • Trasee turistice - judeţul Arad [2]
  • Trasee turistice - judeţul Timiş [3]

Kart[endre | endre wikiteksten]

  • Harta judeţului Timiş [4]
  • Harta judeţului Alba [5]