Ararat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 39°42.113′N 44°17.899′E
Ararat
Ağrı Dağı
vulkan
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
høgd 5 137 moh
skardhøgd 3 611 m
koordinatar 39°42.113′N 44°17.899′E
Førstestiging av Johann Jacob Friedrich Wilhelm Parrot, Khachatur Abovian
 - dato 1829
type Stratovulkan
siste utbrot 1840[1]
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Ararat eller Ağrı Dağı (kurdisk Çiyayê Agirî; armensk Արարատ, Masis; persisk آرارات; hebraisk אררט) er det høgaste fjellet i Tyrkia. Fjellet er ein snødekt, sovande vulkan nordaust i Tyrkia, 16 km vest for den iranske grensa og 32 km sør for den armenske. I Fyrste mosebok står det at Noahs ark stranda på dette fjellet etter syndfloda.

Ararat frå Khor Virap i Armenia.

Sjølv om fjellet ligg i Tyrkia, er det eit nasjonalsymbol for Armenia, der det ofte blir kalla Masis (Մասիս), og ein finn det i Armenia sitt riksvåpen. Ein kan sjå fjellet frå mange stader i Armenia, inkludert hovudstaden Jerevan, og det er ofte avbilda av armenske kunstnare på bilete, inngraveringar og ikkje minst på backgammonbrett.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ararat ligg i Aust-Anatolia i Tyrkia mellom Doğubayazıt og Iğdır, nær grensa til Iran, Armenia og eksklaven Nakhtsjivan i Aserbajdsjan, mellom elvane Aras og Murat.[2] Araratsletta ligg på vestsida av fjellet.

Ararat er ein stratovulkan, dannar av lava og pyroklastiske materiale, utan vulkankrater. Oppfor 4100 moh består fjellet hovudsakleg av vulkanske bergartar dekte av ei is.[3] Ei mindre kjegle på 3896 moh, Vesle Ararat, stig opp frå same massivet, søraust for hovudtoppen. Dei to fjella dekkjer kring 1000 km².[4]

Ei høgd på 5165 moh for Ararat vert framleis oppført av somme kjelder, men mange andre kjelder, som dei offentlege og verifiserbare SRTM-dataa[5] og ei GPS-målingfrå 2007, syner at høgda er 5137 moh, og at den sanne høgda truleg er enno lågare under den snø- og isdekte toppen.[6]

Vulkanutbrot[endre | endre wikiteksten]

Ein er ikkje sikker på når det siste utbrotet til Ararat skjedde. Det ser ut til at Ararat var aktiv på 2000-talet fvt. og ein har funne spor frå bronsealderen og leivningar av menneske under pyroklastiske straumar.[7] Ein veit derimot at Ararat vart råka av eit kraftig jordskjelv i juli 1840. Ein ustabil del av nordsida kollapsa og eit kapell, eit kloster og ein landsby vart gravlagd i steinblokkene. I følgje somme kjelder hadde Ararat då eit utbrot, men berre i grunnvassnivå.[7]

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Dr. Friedrich Parrot, med hjelp av Khachatur Abovian, var den første utforskaren i moderne tid som i 1829 nådde toppen av Ararat, som då var ein del av Det russiske imperiet.

Ararat-Ağrı Dağı sett frå vegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Global Volcanism Program
  2. Republic of Tyrkia Ministry of culture and tourism
  3. Jamie C. Woodward (2009). The physical geography of the Mediterranean. Oxford University Press US. s. 355. ISBN 978-0-19-926803-0. 
  4. Jr Thomas Gaskell Allen; William Lewis Sachtleben. Across Asia on a Bicycle (Illustrated Edition). Echo Library. ss. 39–41. ISBN 978-1-4068-6782-4. 
  5. SRTM data for Ararat
  6. Detailed topographic maps of Ararat
  7. 7,0 7,1 «Ararat». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0103-04-. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ararat