Partido dos Trabalhadores

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Arbeidarpartiet i Brasil)
Partido dos Trabalhadores

LandBrasil
GrunnleggjararLuiz Inácio Lula da Silva
Grunnlagt10. februar 1980
HovudkvarterSão Paulo
Medlemstal1 400 000 (2010)
IdeologiSosialdemokrati, demokratisk sosialisme Sjå dette på Wikidata

Arbeidarpartiet (på portugisisk Partido dos Trabalhadores) er eit politisk parti på venstresida i Brasil. Det blei skipa av ei gruppe intellektuelle og arbeidarar i São Paulo i 1980. Blant grunnleggjarane var Luiz Inacio Lula da Silva, tidlegare president i Brasil.

Partisymbolet er ei raud stjerne med bokstavane PT i kvitt inni. På raude bakgrunnar, som raude flagg og raude t-skjorter og skjermluer, kan stjerna vere kvit, og initialane til partiet inni stjerna raude.

PT er eit breitt sosialistisk parti med mange tendensar innanfor partiet, mellom dei sentrum-venstre-gruppa som president Lula sjølv høyrer til, marxistar og kristensosialistar. Partiet blir av mange rekna for å vere eit av dei viktigaste venstrepartia i Latin-Amerika.

Etter 1990 voks oppslutninga om PT, og dei vann vala i viktige byar som Sao Paulo og Porto Alegre. Men den viktigaste sigeren var sjølvsagt da Lula i 2002 blei president, etter tre tidlegare forsøk.

PT er i utgangspunktet eit venstresosialistisk parti, men som regjeringsparti meiner somme at det har endra politikk i meir moderat sosialdemokratisk eller jamvel sosialliberal lei. Noko av forklaringa kan vere at partiet ikkje har reint fleirtal i parlamentet, og derfor må alliere seg med andre parti for å få ting gjennom der. Men venstresida i PT er ikkje nøgd, og somme av dei som meiner PT har endra seg bort frå sitt eige program, er no ute av partiet. Meiningsmålingar viser likevel at fleirtalet i Brasil framleis støttar president Lula.