Arbeidsretten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arbeidsretten er ein særdomstol i Noreg som handsamar tvistar som knyter seg til tariffavtalar. Tariffavtalar er avtalar mellom ei fagforeining og ein arbeidsgjevar eller ei arbeidsgjevarforeining om løns- og arbeidsvilkår.

Arbeidsretten blei oppretta ved arbeidstvistlova av 1915, med verknad frå 1. januar 1916. Arbeidsretten blir i dag regulert av arbeidstvistlova av 1927.

Retten er i den einskilde saka sett saman av ein fast dommar og seks tilkalla meddommarar. Tre av dei sju er juristar. Fire er lekdommarar. To av desse er oppnemnde etter forslag frå LO. To er oppnemnde etter forslag frå NHO.

Arbeidsretten sitt verkeområde er hovudsakleg følgjande sakstyper:

  • tvistar om tariffavtalar: om dei eksisterer, er gyldige og korleis dei skal forståast
  • tvistar om brot på fredsplikta i arbeidslivet
  • tvistar om erstatningsansvar i samband med tariffbrot og ulovleg arbeidsstans (streik)

Spesielt for Arbeidsretten er at dommane som hovudregel ikkje kan påankast. Årsaka til dette er at tariffavtalen etter ein gitt periode skal reforhandlast under tariffoppgjeret. partane vil dermed få høve til å endre avtalen, dersom dei er usamde i retten si tolking av den gjeldande tariffavtalen.

Arbeidsretten sine avgjerder blir samla i domssamlinga Dommer og kjennelser av Arbeidsretten (ARD).

Tvistar om individuelle arbeidsavtaler (så som avskil og oppseiing) blir handsama i dei vanlege domstolane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]