Arbeidstid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arbeidstid vert i § 10-1 arbeidsmiljølova definert som: «den tid arbeidstakar står til disposisjon for arbeidsgjevar». Vanlegvis vert til dømes ikkje lunsjpause rekna med og ein skal då kunne gå frå arbeidsplassen. Avtaler mellom partane i arbeidslivet kan innehalde eigne reglar for definisjon av arbeidstida og betalinga ut over ordinær arbeidstid.

Som hovudregel ifølgje arbeidsmiljølova er det forbod mot å arbeide om natta og på søndagar og heilagdagar, og ein alminneleg arbeidsdag må ikkje overstige 9 tdrivast om det gjeld arbeid som dei timar i løpet av eit døgn og 40 timar i veka. Men det kan gjerast unnatak for arbeid om natta, søndag, heilagdagar og arbeid utover 9 timar i døgnet når dette er naudsynt av omsyn til den arten arbeid det er tale om. Det må då gjerast ei skriftleg avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, og ein må som hovudregel ha løyve frå Arbeidstilsynet.

Arbeidsmiljølova krev òg at arbeidstakar skal ha minst 11 timar samanhengande fri i løpet av eit døgn, samt 35 timar samanhengande fri i løpet av sju dagar.

Mange arbeidsavtalar opererer med ein åttetimarsdag og ei 37,5 timars veke. Somme verksemder har òg eksperimentert med sekstimarsdag med full lønskompensasjon for å betre produktiviteten og halde sjukefråværet nede.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]