Arbeiter-Zeitung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arbeiter Zeitung
Grunnlagd 12. juli 1889
Nedlagd 1991
Utgjevar Victor Adler (1889-1934)
Sozialdemokratische Partei Österreichs (1945-1989)
Redaktør(ar) David Josef Bach
Språk Tysk
Politisk tilknytting Sosialisme

Arbeiter-Zeitung, tidlegare òg kjend som Neue A-Z og seinare AZ, var ei sosialistisk avis i Wien som blei grunnlagd 12. juli 1889 av Victor Adler. Avisa blei forboden i 1934 etter utgåva 13. februar, men vart oppretta på nytt 4. august 1945 som hovudorganet til Sozialistische Partei Österreichs. Fram til 1989 sørgde ho for generell dekning av austerrikske og internasjonale nyhende. Frå 1985 til 1989 hadde avisa namnet Neue A-Z. Frå 1989 til 1991 blei den utgitt som ei partiuavhengig avis under namnet AZ. Avisa blei nedlagd i 1991.

Mellom kjente bidragsytarar og redaktørar i førkrigsperioden var kulturredaktøren David Josef Bach.