Arbin i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbin
عربين
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Markaz Rif Dimashq
Nahiya Arbin
Koordinatar 33°32′19″N 36°21′58″E / 33.538535°N 36.366068°E / 33.538535; 36.366068
Folketal 44 934  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Arbin i Syria
33°32′13″N 36°21′58″E / 33.536944444444°N 36.366111111111°E / 33.536944444444; 36.366111111111
Wikimedia Commons: Arbin, Syria

Arbin (arabisk عربين, òg skrive Irbin) er ein by sør i Syria i Markaz Rif Dimashq-distriktet i Rif Dimashq guvernement, like aust for nabolaget Jobar i Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Batna og Saqba i sør, Zamalka og Ayn Tirma i sørvest, og Douma i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde Arbin eit folketal på 44 934 i 2004.[1] Arbin er ein av plassane ein trur kan ha vore den antikke byen Riblah.

Under den syriske borgarkrigen tok Den frie syriske armeen (FSA) kontroll over fleire forstader nord for hovudstaden Damaskus, inkludert Arbin den 2. juli 2012. FSA-soldatar skal openlyst ha patruljert gatene i forstadane og kampane skjedde mindre enn 10 km frå sentrum av sjølve Damaskus.[2] I november 2012 var det langvarige kampar i byen etter mengda opprørarar auka i Rif Dimashq. Det vart rapportert at opprørarar hadde kontroll over staden den 7. desember 2012.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. Bill Neely: International Editor (2. juli 2012). «Is Syrian Army losing control of Damascus? - ITV News». Itv.com. Henta 22. desember 2012. 
  3. Holliday, Joseph; Michael Lynch (7 December 2012). «The Battle for Damascus: The Current State of Play in Syria». Institute for the Study of War. Henta 12. desember 2012.