Ardenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ardenna
Grålire, Ardenna grisea Foto: JJ Harrison
Grålire, Ardenna grisea
Foto: JJ Harrison
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Ardenna
Reichenbach, 1853

Ardenna er ei biologisk slekt av sjøfuglar og medlem av stormfuglfamilien, Procellariidae.

Storlire, Ardenna gravis
Foto: Dick Daniels

Denne slekta samlar sju mellomstore lirer. Desse artane var lenge ein del av slekta Puffinus, men på bakgrunn av funn etter fylogeniske analysar av mitokondrium-DNA, vart artane splitta ut til si eiga slekt Ardenna.[1][2] Ein nemnd skildnad i morfologi mellom dei to slektene er ein tendens til større naseborrøyr ved nebbrota hos Ardenna-artane enn hos mange Puffinus-artar.[3]

Allereie i 1853 gjorde Ludwig Reichenbach framlegg om denne slekta,[4][5] likevel blei namnet første gongen brukt så tidleg som i 1603 til å referere til ein spesifikk sjøfuglart.[6]

Som andre lirer flyg Ardenna-lirer med stive venger, og brukar ein teknikk for å segle over bølgjefrontar som krev eit minimum av aktiv flyging. Mange er langdistansemigrantar, kanskje mest spektakulærte er grålira[7] og smalnebblira[8] som utfører trekk på 14 000 km eller meir kvart år.

Artane i Ardenna i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]

  • Chilelire, Ardenna creatopus, Pink-footed Shearwater, Coues, 1864, (VU)
  • Lysbeinlire, Ardenna carneipes, Flesh-footed Shearwater, Gould, 1844, (LC)
  • Storlire, Ardenna gravis, Great Shearwater, O'Reilly, 1818, (LC)
  • Kilehalelire, Ardenna pacifica, Wedge-tailed Shearwater, Gmelin, 1789, (LC)
  • Grårygglire, Ardenna bulleri, Buller's Shearwater, Salvin, 1888, (VU)
  • Grålire, Ardenna grisea, Sooty Shearwater, Gmelin, 1789, (NT)
  • Smalnebblire, Ardenna tenuirostris, Short-tailed Shearwater, Temminck, 1835, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Penhallurick, John; Wink, Michael (2004). «Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene». Emu 104 (2): 125–147. doi:10.1071/MU01060. 
  2. Remsen, J.V. (September 2014). «Proposal (647) to South American Classification Committee: Spilt Ardenna from Puffinus». South American Classification Committee. Henta 23 January 2016. 
  3. Oberholser, H. (1917). Notes on the Genus Puffinus Brisson. The Auk, 34(4), 471-475. DOI: 10.2307/4072279 henta frå http://www.jstor.org/stable/4072279
  4. Reichenbach, H. G. Ludwig (1853). Avium systema naturale. Dresden and Leipzig: Expedition der vollständigsten naturgeschichte. s. IV.  Forordet er datert 1852, men Mayr 1979 nemner 1853 som utgjevingsår.
  5. Mayr, Ernst (1979). «Order Struthioniformes». I Mayr, Ernst; Cottrell, G. William. Check-list of birds of the world (Volume 1 Second edition ). Cambridge, Mass.: Museum of Comparative Zoology. s. 89. 
  6. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 40,54. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  7. Shaffer, S.A.; Tremblay, Y.; Weimerskirch, H.; Scott, D.; Thompson, D.R.; Sagar, P.M.; Moller, H.; Taylor, G.A.; Foley, D.G.; Block, B.A. & Costa, D.P. (2006): Migratory shearwaters integrate oceanic resources across the Pacific Ocean in an endless summer. PNAS 103(34): 12799-12802. doi:10.1073/pnas.0603715103PDF fulltext[daud lenkje] Supporting figures
  8. Baduini, C.L., J.R. Lovvorn, and G.L. Hunt, Jr. (2001). Determining the nutritional condition of short-tailed shearwaters (Puffinus tenuirostris): implications for migratory flight ranges and starvation events. Mar. Ecol. Prog. Ser. 222: 265-277 http://dx.doi.org/10.3354/meps222265
  9. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  10. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ardenna