Ardnamurchan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°44′N 5°59′W

Satellittbilete av Ardnamurchan
Over Eilean Chaluim Cille-bukta til Ardnamurchan Point og fyrhuset.

Ardnamurchan (skotsk-gælisk Àird nam Murchan) er ei halvøy i Lochaber i Highland i Skottland. Ho er kjend for den urørte naturen.

Strengt tatt dekkjer Ardnamurchan berre halvøya utanfor landsbyane Salen (i sør) og Acharacle (i nord), men i dag vert omgrepet nytta meir generelt og omfattar òg nabodistrikta Sunart, Ardgour, Morvern og Moidart.

Ardnamurchan Point, der står eit 36 meter høgt fyr, vert ofte omtalt som det vestlegaste punktet på det britiske fastlandet, men dette er i røynda Corrachadh Mòr, 1 km lenger sør, som ligg nokre meter lenger vest.

Heile det nordvestlege hjørnet av Ardnamurchan består av gamle vulkanstrukturar. Området er restane etter eit 55 millionar år gammal vulkanområde.

Landsbyar på Ardnamurchan:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]