Ardnamurchan Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ardnamurchan Point sett frå Eilean Chaluim Cille.
Ardnamurchan fyr

Ardnamurchan Point (skotsk-gælisk Ard na Murchan, tyder 'åsen ved det store havet') er eit isolert nes med eit fyr i Highland i Skottland.

Ardnamurchan Point ligg vest på Ardnamurchanhalvøya i Lochaber, 1,1 km nord for Corrachadh Mòr, det vestlegaste punktet på øya Storbritannia, som er om lag 200 meter vest for neset.[1] Den næraste busetnaden er den vesle landsbyen Achosnich.

Neset ligg om lag 11 km sør for øya Muck, med Eigg og Rùm nokre kilometer lenger nord. Coll ligg 14 km mot vest og Mull 8 km sørover.

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Ardnamurchan fyr er eit 36 meter høgt granittårn bygd i 1849 av Alan Stevenson.[2] Det er det einaste fyret i Storbritannia som er bygd i egyptisk stil.[3] Fyret vart automatisert i 1988 og vert i dag operert av Northern Lighthouse Board frå Edinburgh.[2] Dei tidlegare fyrvaktarbustadane og tilhøyrande bygg er eigd av Ardnamurchan Lighthouse Trust og er i dag eit vitjingssenter[2][4] med museumet 'Kingdom of Light' - Rioghachd na Sorcha.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ardnamurchan Point

Kjelder[endre | endre wikiteksten]