Ardre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ardre
Utspring Parc Régional de la Montagne de Reims
- Høgd 270 m
Munning Vesle
- Høgd 80 m
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 31 km

Ardre er ei elv av femte orden i Frankrike, og ei av sideelvane til Vesle frå venstre. Vesle er igjen ei sideelv til Aisne, som munnar ut i Oise, som igjen er ei av sideelvane til Seinen.

Elva renn vest for Reims, og har sitt utspring i Parc Régional de la Montagne de Reims, og munnar ut i Vesle ved Fismes. Frå kjelda i ei høgd på 270 meter, renn elva 31 km mot Fismes i ei høgd på 80 meter. Motovegen mellom Reims og Paris, E50/A4, kryssar elva om lag halvegs i elvelengda.

Under den første verdskrigen vart det utført fleire slag i denne dalen.