Are Frode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Are Torgilsson Frode (islandsk Ari fróði Þorgilsson) (10679. november 1148), var ein islandsk prest, forfattar og historikar. Han vert rekna som den viktigaste forfattaren til Islendingabok og kanskje Landnámabók, dei to viktigaste kjeldene til busetjing og stridsoppgjer på Island.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Are var fødd inn i ei stormannsætt på Helgafell. Han var son til Torgils Gjellesson, farfaren var Gjelle Thorkelsson, hovding på Helgafell. Farsslekta kom direkte frå Thorstein Raude, son til Aud den djuptenkte. Faren Torgils drukna i Breiðafjörður då A[[re var barn, medan bestefaren Gjelle døydde i Roskilde i 1073, på heimveg frå ei ferd til]] Roma. Då Are var sju år gamal kom han i fostring hos skalden Hall Thórarinsson den spake ved Geysir, og budde hos Hall dei neste 14 åra. Hall var så gammal at han måtte ha vorte døypt av Thangbrand då han var tre år gamal, same året som kristendommen vart innførd på Island.

Ein annan som vart fostra opp ved Geysir, var Teitur Isleifsson. Han var nokre år eldre enn Are, sannsynlegvis var han vaksen då Are kom til Geysir. Teitur etablerte ein skule ved Geysir, der lærte han unge menn opp til prestegjerning. Are var eleven hans, og fekk der ei klassisk presteutdanning, mellom anna studerte han latin.

Etter eksamen vart Are ordinert av biskop Gissur Isleifsson. Han gjorde så presteteneste i Staður, dagens Staðarstaður, på sørsida av halvøya Snæfellsnes, ei ca 60 km sør for Helgafell. Lite er kjent om livet hans etter den tid. Are hadde ein son og ei dotter, og var truleg gift.

Det seiest at Are skreiv Islendingabok på oppdrag frå biskopane Torlak Runólfsson (1118-33) og Ketil Torsteinsson på Holar (1122-45). Ho vart skriven ein gong i perioden 1122-32. Boka vart omskriven etter at biskopane og Sæmund Frode hadde lese ho, truleg 1134-38. Den fyrste versjonen har gått tapt, den andre er bevart og finst utstilt i Reykjavik. Are skal også ha skrive eller medverka til den opphavlege Landnámabók.

Tilnamnet den vise fekk Are då han var vidkjend for sitt gode minne. I Heimskringla seier Snorre Sturlason at Are var kunnskapsrik, med eit godt minne.

Historisk rolle[endre | endre wikiteksten]

Are var den første som var seg bevisst det historiske ved den islandske kulturen. Gjennom bruken av morsmålet bidrog han sterkt til å utvikle ein etnisk identitet, og ein for si tid svært progressiv prosa på det islandske språket. Mykje av det ein i dag veit om Islands tidlege historie, er grunna på den forskinga Are gjorde. Han spelar same rolla for islandsk historie som Herodotos gjer for gresk historie. Snorre Sturlason, Odd Snorrason og Gunnlaug Leifsson var forfattarar som arbeidde etter den historieforståinga Are hadde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Fleire bokverk kan sporast tilbake til Are Frode:

  • Islendingabok frå rundt 1120 er den eldste skriftlege kjelda på forteljande prosa i heile Skandinavia;
  • den opphavlege versjonen av Landnámabók, der Are, saman med Kolskegg Åsbjarnarson den Frode, skal ha vore medforfattar;
  • tre mindre tekstar: ei ættesoge om si eiga slekt, ei livsskildring av Snorre Gode, helten i Eyrbyggjasaga, og ei liste frå året 1143 over edle prestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]