Are Strandli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Are Strandli


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1988 (35 år)
Stavanger kommune
Idrett roing
Tok del i

Roing under Sommer-OL 2012 – Dobbeltsculler, lettvekt menn, Roing under Sommer-OL 2016 – Dobbeltsculler, lettvekt menn, Roing under Sommer-OL 2020 – Dobbeltsculler, lettvekt menn

Are Weierholt Strandli (fødd 18. august 1988 i Stavanger) er ein norsk roar som representerer Stavanger Roklubb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Are Strandli ror dobbeltsculler saman med Kristoffer Brun og dei to har delteke under fleire U23-VM og World Cups.[1] Saman representerte dei Noreg i lettvekts dobbeltsculler under sommar-OL 2012 i London. Dei kom på andreplass i sitt kvalifiseringsheat og gjekk dermed rett til semifinale.[2] I semifinalen gjekk det derimot dårlegare for roarane, og dei rauk ut av OL.[3] Dei enda på ein niandeplass samanlagt.[4]

Under sommar-OL i Rio i 2016 tok Strandli bronsemedalje i finalen i dobbeltsculler saman med makker Kristoffer Brun. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Are Strandli» (på engelsk). Det internasjonale roforbundet. Henta 18. februar 2017. 
  2. NRK.no, 29. juli 2012: Overrasket med andreplass
  3. Aftenposten.no, 2 august 2012: Skuffelsen er enorm
  4. Resultatliste frå Sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 23. august 2012 
Spire Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.