Aredhel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aredhel Ar-Feiniel, den kvite frua av Gondolin, er ei alvisk kongedotter i J.R.R. Tolkiens legendarium. Ho er dotter av Fingolfin og søster av Turgon. Ho var kvitleitt og svarthåra, etter skildringa i Silmarillion.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Aredhel kom med brørne og faren frå Valinor etter opprøret til Fëanor, og kom med tida til å setja bu i Gondolin saman med broren Turgon. Med tida vart ho rastlaus der, og kravde å få reise ut for å finne frendene sine, sønene til Fëanor, som ho hadde hatt mykje å gjera med i Valinor. Etter noko rådslaging let Turgon ho fara, men ho villa seg bort på vegen og vart snara i den trollbundne skogen Nan Elmoth, der ho vart møtt av mørkalven Eöl, som tok ho til kone. Dei budde saman i mange år, og ingen visste kvar ho var faren av. Saman fekk dei sonen Maeglin.

Som åra gjekk, vart Aredhel rastlaus att, og braut opp frå Nan Elmoth med Maeglin for å finne frendene sine, først Caranthir, og deretter Turgon. Eöl følgde etter, og han fann jamvel vegen heilt til Gondolin, der han laut stå til rette framfor Turgon. Han nekta plent å godkjenne Turgons herrevelde, og slengde eit forgifta spjut etter Maeglin, men Aredhel kasta seg mellom og døydde. Eöl vart sidan kasta ut frå ein høg klippe, og Maeglin vart verande i Gondolin.

Utvikling av legendariet[endre | endre wikiteksten]

The Book of Lost Tales kallar Aredhel for Isfin, men grunndraga i forteljinga er dei same. I seinare versjonar av teksten kan det sjå ut som om ein kan setja opp Aredhel som motpol til Galadriel (djerv mot overmodig)..