Argentan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Argentan
Horisonten til Argentan
Horisonten til Argentan
Byvåpenet til Argentan
Byvåpenet til Argentan
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Orne
Geografi
Flatevidd 18,18 km²
Flatevidd
 - By

18,18 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

16 596
  912/km²
Koordinatar 48°44′″N 00°01′″EKoordinatar: 48°44′″N 00°01′″E
Høgd over havet 160 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 61200
Heimeside: www.argentan.fr

Argentan er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Orne i regionen Normandie og har om lag 17 000 innbyggjarar. Argentan ligg om lag 180 km nordaust for Rennes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Argentan er ein gamal romersk by bygd ved elva Orne. Byen hald fram med å vekse under mellomalderen. Etter vikinginvasjonane i Nord-Frankrike vart Neustrie til Normandie. Vikinghøvdingen Gangerolf gav byen til ein av leiarane sine. Gjennom mellomalderen var Argentan både ein rik by og ein by som brann til grunne. Engelskmenna okkuperte byen fleire gonger, og Plantagenet rekna faktisk byen som ein av dei viktigaste i Normandie.

Under Louis XIV si tid sette Colbert nabobyen Alençon opp mot Argentan i ein økonomisk konkurranse om blonder. Argentan vart ein viktig by for tradisjonell industri, og fekk etter kvart religiøs makt ved hjelp av eit benediktinarkloster. Det vart bygd to imponerande kyrkjer, Saint-Martin og Saint-Germain.

Med den franske revolusjonen byrja Argentan å verte rolegare. Verdskrigane gjekk hardt utover byen og mange unge menn døydde under Slaget ved Verdun i 1916. Under den andre verdskrigen vart byen nesten totalt øydelagd under slaget ved Argentan i 1944. Under Operasjon Overlord i juni 1944 vart byen delvis øydelagd av allierte bombefly. Mesteparten av byen vart derimot øydelagd mot slutten av august same året. Amerikanske soldatar, under leiing av general George S. Patton frigjorde Argentan etter åtte dagar med kraftige kampar mot nazistane.