Argentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
República Argentina

(norsk: Argentina, argentinsk)

Det argentinske flagget Det argentinske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oid, Mortales»
Motto En Unión y Libertad (i union og fridom)
Geografisk plassering av Argentina
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Buenos Aires
Styresett
Republikk
Javier Milei
Flatevidd
 – Totalt
 
2 780 400 km² (8.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
44 293 293 (32.)
15,9 /km² (172.)
Sjølvstende
  - Mairevolusjonen
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
25. mai 1810
9. juli 1816
1821 (av Portugal)
Nasjonaldag 25. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
964 300 mill. USD (25.)
23 700 USD (59.)
Valuta Argentinsk peso
Tidssone UTC -3
Telefonkode +54
Toppnivådomene .ar



Salta

Argentina er eit land i Sør-Amerika som ligg mellom Andesfjella i vest og Atlanterhavet i sør og aust. Det grensar til Bolivia, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay. Namnet Argentina kjem frå det latinske ordet for sølv, argentum. Landet fekk namnet på grunn av at dei første koloniherrene trodde landet var rikt på sølv.

Kart over Argentina

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Klima i Argentina.

Argentina er det nest største landet i Sør-Amerika etter areal, berre Brasil er større. Det er det åttande største landet i verda. Frå nord til sør er det rundt 340 mil. Det finst store variasjonar i landskapet, frå fjellandskap til pampas og frå tropisk regnskog til forblåst kyst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Argentina var ein spansk koloni frå 1516 fram til 1816, då landet fekk sjølvstyre. Fram til den andre verdskrigen opplevde landet interne motsetnader. Desse motsetnadene var til dels mellom konservative og liberale politikarar, og til dels mellom politikarar og militære. I perioden 1946-55 var Juan Perón president. Han kom att i denne posisjonen i 1973 men døydde året etter, og vart då etterfølgd av den tredje kona si Isabel Perón som vart styrta av ein militærjunta i 1976. Dette militærdiktaturet vart kraftig svekka etter nederlaget i Falklandskrigen i 1982. Etter valet i 1983 har Argentina vore eit demokrati. Landet opplevde ein økonomisk nedtur i 2001.

Kolonistyre 1536-1816[endre | endre wikiteksten]

Buenos Aires i 1536

Den første europear som sette fot i Argentina var den spanske sjøfararen Juan Díaz de Solís, som i 1516 segla opp Río de Plata-munningen. Han vart han drepen av charrúa-indianarar. Mannskapet heisa segl heimover, men stranda på kysten av Santa Catarina i dagens Brasil. Her vart dei kjent med segna om Sølvkongen (Rey Blanco), ein hovding søkkrik på sølv. Dette gav opphavet til namnet Argentina.

Det vart gjennomført nokre ekspedisjonar og forsøk på etablere provinsielle busetnadar langs elvemunningen til Río de la Plata og elvebreidda opp Río Paraná etter denne hendinga. I 1536 grunnla spanjolen Pedro de Mendoza busetnaden Puerto de Santa María de Buen Ayre, seinare forkorta til Buenos Aires, men denne vart seinare fråflytta grunna svolt og konfliktar med indianarar. Frå før hadde dei spanske kolonistane erobra Perú og utforska stillehavskysten sørover mot Chile.

Det vart difor meir føremålstenleg å kolonisere Argentina frå vest og nordvest enn frå atlanterhavskysten. I 1553 vart Santiago de Estero grunnlagt etter fleire forsøk i regionen. Etter grunnlegginga av Córdoba i 1573 vart endeleg Buenos Aires gjenetablert. Spanjolane møtte sterk motstand mot dei mange indianargruppene og krig rådde i lengre periodar. Mykje tyder på at calchaquí-indianarane vart utrydda medan paziocas-indianarane vart deporterte som slavar. Frå før var Argentina langt tynnare folkesett enn andre område som spanjolane la under seg.

Sjølv om Buenos Aires voks fram som ei eksporthamn for ein del av sølvet frå høglandet i Perú (no Bolivia) og Paraguay, vart byen snart råka av handelsforbod (1594). Smugling tok ho over som den viktigaste økonomiske drivkrafta i byen og regionen. Skip frå Frankrike, Holland og særleg Portugal var aktive i dette hamnområdet. Særleg dei portugisiske territorielle ambisjonane og dei uklåre grensene mellom dei to kolonimaktene medførte etter kvart at spanjolane vart urolege over denne smuglinga. I tillegg synte dei lovlege handelsrutene via Peru seg som langdryge og kostbare, noko som hindra utvikling i området.

I 1776 endra Argentina sin status seg og fekk status som visekongedøme, Virreinato del Río de la Plata. Argentina var no ikkje lenger underlagt administrasjonen i Peru, men får eigen representasjon frå Spania. Denne representanten, visekongen, held til i Buenos Aires, noko som gjer at mange vedtak vert fatta lokalt. Ein eigen administrasjon vert difor bygd opp i byen. Likevel er denne strengt underlagt dei sentrale myndigheitene i Spania. Viktig her er at handel og administrasjon no ikkje lenger må gå omvegen om Peru.

Visekongedømet Rio de la Plata

Grensene for Río de la Plata samsvarar framleis ikkje med den seinare sjølvstendige nasjonalstaten Argentina. Dette visekongedømet femner om delar av dagens Uruguay, Paraguay og Argentina. Store delar av Río de la Plata låg utanfor myndigheitene sin kontroll og var busett av indianarar. Økonomien var basert på utsending av sølv, kopar og andre mineral frå gruvene i høglandet mot Peru. Langs denne ruta oppstod det ein mindre handverksindustri. I tillegg eksisterte det eit visst omfang av jordbruk og fedrift, men då som livsberge. I byen Buenos Aires var økonomien basert på utskipinga og administrasjonen, og tilhøyrande handverksarbeid.

Dei første tydelege teikna på ambisjonar om større sjølvstyre kom som ein konsekvens av britiske forsøk på invasjon av Buenos Aires i 1806-07. Representasjonen frå den spanske krona synte dårleg leiarskap og lokale argentinarar måtte ta saka i eigne hender for å forsvare byen. Visekongen vart kasta og ein ny representant vart valt av folket. Sjølv om dette ikkje tyda på krav om sjølvstyre, rådde det misnøye med Spania. Denne misnøya hadde sitt opphav i diskriminering av storparten av kolonistane. Dersom ein kolonist var fødd i Amerika vart han kalla for kreol (criollo) og rekna som annanrangs spansk borgar. Desse kreolane var av lov ekskludert frå dei viktigaste politiske og religiøse embeta. Desse embeta vart heller tildelt spanske borgarar fødd i Spania (peninsular). Dette vart oppfatta som sterkt urettferdig av kreolane. I 1810 endra likevel storpolitiske hendingar i Europa på dette. Napoleon invaderte Spania og erstatta den opphavlege kongen (Fernando VII) med sin eigen bror (José). Denne nye kongen vart aldri godkjent av kolonistane. I Río de la Plata vart kongens representant, visekongen, avsett og eit byråd sett opp. Denne hendinga er kjent som Mairevolusjonen i Argentina. Her er det likevel viktig å påpeike at dette byrådet ikkje erklærte sjølvstyre som sådan, men heller eit mellombels sjølvstyre så lenge den legitime kongen, Fernando VII, sat fanga under Napoleon. Dei skulle altså styre i påvente av at kong Fernando VII kom tilbake. Likevel var dette ikkje ein eintydig reaksjon. Fleire støtta faktisk den nye kongen i Spania. Dette enda med fleire krigar mellom ulike grupperingar. Den 9. juli 1816 erklærte likevel Argentina seg som ein sjølvstendig nasjon.

Argentina tek form som nasjonalstat 1816-1916[endre | endre wikiteksten]

Frigjeringshelten og offiseren José de San Martín trekte seg tilbake etter at Argentina oppnådde sjølvstende. Men kva politisk og territoriell form det nye landet skulle ta var framleis usikkert. Ikkje berre tida etter lausrivinga frå Spania, men også resten av 1800-talet var prega av borgarkrigar mellom ulike grupperingar, oftast mellom Buenos Aires og resten av landet (el interior). Politisk og sosial makt var knytt til såkalla caudillos, autoritære leiarar som styrte kvar sin provins som sitt eige gods. I periodar kunne desse provinsane fungere nesten som sjølvstendige land. Først i 1829 byrja ei sentralmakt å ta form, men då under den svært autoritære Juan Manuel de Rosas som styrte med hard hand frå Buenos Aires.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kongressen og Kongressplassen i Buenos Aires.

Den gjeldande grunnlova er frå 1853 (sist revidert i 1994) og stipulerer eit demokratisk, republikansk og føderalt styresett. I følgje denne grunnlova er dei ulike provinsane autonome, og har råderett over alle felt som ikkje grunnlova har delegert til den føderale regjeringa. Statsmakta er i prinsippet tredelt i ei utøvande, ei lovgjevande og ei dømande grein. Den utøvande statsmakta har stått svært sterkt, medan den dømande har vore under press frå dei andre to.

Det utøvande makta blir leidd av ein president og ein visepresident som er valde direkte av alle valføre. Ei valperiode er på fire år, og presidenten kan berre bli valt i ein påfølgjande periode. Grunnlova gjev presidenten stor makt gjennom både å både vere stats- og regjeringssjef. Presidenten utnemner også regjering. I tillegg til vetorett, kan presidenten også skrive ut lover (decretos). I 2007 vart Cristina Fernández den første kvinnelege valde presidenten i Argentina. Ho representerte partiet Sigersfronten (Frente para la Victoria)

Den lovgjevande makta er kjend som Kongressen (Congreso) og er bygd opp av to kammer: Representantane sitt kammer (Cámera de Diputados) og Senatet (Senado). I Representantane sitt kammer er medlemmane valt direkte og basert på eit proporsjonalt system. Dei er valt for fire år og kan bli gjenvalt for to år om gangen utan tidsrestriksjonar. Det sit for tida 257 medlemmer i dette kammeret med bl.a. 35 på benken for provinsen Buenos Aires. I Senatet er tre representantar frå kvar provins valt direkte, noko som utgjer totalt 72 medlemmar. Desse kan også få forlenga mandata sine utan avgrensing.

Den dømande makta er leidd av Høgsterett (Corte Suprema de Justicia) med fem dommarar utnemnde av presidenten etter godkjenning med eit to tredjedels fleirtal i Senatet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den argentinske økonomien vert rekna som den tredje største i Latin-Amerika med eit bruttonasjonalprodukt på 262,3 milliardar US-dollar. Dette utgjer 6050 US-dollar per person. Tertiærnæringa gjev det største bidraget til BNP og utgjer 56 %, medan sekundærnæringa representerer 35,6 % og primærnæringa 8,4 %.

I 2007 eksporterte Argentina for 52,2 milliardar US-dollar og importerte samstundes for 43,7 milliardar US-dollar, noko som gav ein positiv handelsbalanse.[1] Arbeidsløysa ligg på om lag 8 %.[2]

Jordbruk og industri basert på jordbruksprodukt utgjer den viktigaste kjelda til argentinsk eksport. Dei to viktigaste eksportprodukta er sojaprodukt og matolje. Bilindustrien kjem på tredjeplass, etterfølgt av korn. Kjøtteksporten, som historisk har vore svært viktig for landet, kjem no på ein 12. plass, etter både olje/gass og industridelar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Argentina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.