Argentinsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorge Luis Borges (1899-1986)
José Hernández (1834-1836)

Argentinsk litteratur er rekna blant dei viktigaste av all litteratur skriven på spansk. Han er representert med verdskjente forfattarar som José Hernández, Jorge Luis Borges, Manuel Puig, Julio Cortázar og Ernesto Sábato. Akkurat som andre sider ved argentinsk kultur, har litteraturen i Argentina alltid vore sterkt påverka av Europa og då med spesiell innverknad frå Spania og Frankrike.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Starten på den argentinske litterære tradisjonen kan førast tilbake til rundt år 1550 med Matías Rojas de Oquendo og Pedro González de Prado. Begge var frå Santiago del Estero, den første busetnaden av ein viss storleik i Argentina, og begge skreiv prosa og poesi.

I følgje Carlos Abregú Vyrreira var dei utvilsamt inspirert av munnleg innfødd poesi frå folkegruppene luler, juríer, diaguitaer og tonocotéer. Langsamt oppstod det ein symbiose mellom dei spanske og dei innfødde tradisjonane og det vart skapt ein eintydig litteratur geografisk avgrensa av nordlege og sentrale Argentina med eit senter i provinsen Córdoba. Denne avgrensinga galdt inn på 1700-talet. Det er to namn som skil seg ut i denne perioden: Gaspar Juárez Baviano og Antonia de la Paz y Figueroa, kjent som «Beata Antula». Innanfor poesien er Luis de Tejeda rekna som den første argentinske diktaren. Han var elev av Góngora.

Ettersom den økonomiske veksten kom i hamneområde, kom også den kulturelle aksen til å flytte seg mot aust, litt etter litt. Den litterære kolonitida (visekonge-klassisismen, barokken og epikken) voks opp oppglødd av fridomsrørsla med Vicente López y Planes, Pantaleón Rivarola og Esteban de Luca.

Kulturelt sjølvstende frå Spania[endre | endre wikiteksten]

Frå Buenos Aires, 1852-1854

Brotet med spansk tradisjon kom til å gje plass til den franske romantikken som rydda vegen for ein retur til populære røter og til fortida i mellomalderen. Det gav høve til framveksten av den første lokale realistiske forteljinga El Matadero (Slaktehuset), og for diktet La Cautiva (Fangen) med pampasen som scene, begge verk av Esteban Echeverría.

José Mármol publiserte den første argentinske romanen, Amalia midt på 1800-talet. Poesien i samtida mista den friske krafta si og vende seg mot det anekdotiske og sentimentale:

Generasjonen frå 1880[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til El gaucho Martín Fierro av José Hernández, 1894-utgåva.

Generasjonen frå 1880 la vekt på europeiske farging og kulturelt hegemoni i Buenos Aires. Blandinga av etnisitet grunna innvandring påskynda utviklinga frå «landsby» til «kosmopolitisk metropol». Poesien frå denne tida er lyrisk: Leopoldo Díaz y Almafuerte. Essay er ein seinare genre: José Manuel Estrada, Pedro Goyena og Joaquín V. González. Forteljarkunsten veksla mellom sosiale tema og tradisjonslitteratur: Miguel Cané, Eugenio Cambaceres, Julián Martel og Carlos María Ocantos.

Literatura Gauchesca[endre | endre wikiteksten]

Medan dei europeisk orienterte og mest eurosentriske tema og stilartar heldt fram som rettesnora for argentinsk litteratur i Buenos Aires spesielt, kom det ut på 1880-talet til å vekse opp ei ny forståing og samkjensle om nasjonal identitet for generasjonen. Litteraturen frå denne perioden er karakterisert som malerisk, gaucho-imitasjonslitteratur som gav seg ut for å ta i seg språket frå gauchoar og å reflektere mentaliteten deira. Dei tre store som arbeidde i denne stilen var José Hernández, Estanislao del Campo og Hilario Ascasubi. Dei vart straks populære og er framleis blant dei mest populære forfattarane frå ein eintydig genre i argentinsk og uruguayansk litteratur, literatura gauchesca eller gauchesco-stilarten. (Konferer Borges: Aspectos de la poesía gauchesca, 1950).

Modernisme[endre | endre wikiteksten]

Adolfo Bioy Casares, Victoria Ocampo og Jorge Luis Borges i Mar del Plata i 1935.

Modernismen kom til syne mot slutten av 1800-talet leia av nicaraguanske Rubén Darío. Ein ny estetikk påverka av symbolisme og pertentleg framferd inspirerte dei klaraste stemmene i poesien. Leopoldo Lugones var ein mangfaldig forfattar som kom med den første argentinske science fiction-forteljinga. Den første verkrlege generasjonen i moderne argentinsk litteratur er den som martinfierristas høyrer til (ca. 1922). Rørsla medverka til ein intellektuell doktrine som samla dei representative retningar i samtida: «Florida-gruppa» si læresetning. Rørsla hadde eit radikalt uttrykk med forfattarar som den med Oliverio Girondo, Borges, Leopoldo Marechal og Macedonio Fernández; og «Boedo-gruppa», imponert av russisk realisme med Raúl González Tuñón, César Tiempo og Elías Catelnuovo. Av alle desse heldt Ricardo Güiraldes fast på den klassiske stilen og gav dermed ein oppfrisking av gauchesco-poesien; han skreiv òg ein klassikar i argentinsk litteratur, Don Segundo Sombra.

Benito Lynch (1885-1951) var ein flott eksentrisk novelleforfattar, men akkurat som Güiraldes passer han ikkje inn i ei gruppe eller ein generasjon. Han foreslo at dei praktfulle, lunefulle forteljingane vart plassert i ein ny-gauchesco stil for denne epoken.

Frå slutten av tiåret (1920-talet) og i starten av det neste kom det fram ein novísimos, ein generasjon av poetar som Arturo Cambours Ocampo, Carlos Carlino og José Portogalo, så vel som forteljarar som Arturo Cerretani, Roberto Arlt, Luis Maria Albamonte og Luis Horacio Velázquez, og skodespelforfattarar som Roberto Valenti, Juan Oscar Ponferrada og Javier Villafañe. Gruppa kom fram med ein filosofisk refleksjon og ein ny kjerne i omgrepet argentinidad.

Generasjonen frå '37[endre | endre wikiteksten]

«Generasjonen frå 1937» fokuserte kanskje mest på poesi der dei utvikla det skildrande, nostalgiske og det meditative med Ricardo E. Molinari, Vicente Barbieri, Olga Orozco, León Benarós og Alfonso Sola Gonzáles. Forteljarane var opptatt av idealisme og magisk realisme: María Granata, Adolfo Bioy Casares og Julio Cortázar eller ei meir spissfindig form for realisme: Manuel Mujica Laínez, Ernesto L. Castro, Ernesto Sábato og Abelardo Arias. Joaquín Gómez Bas og Roger Plá tok med urbane miljø så vel som tradisjonsforteljingar.

Det var ikkje overflod av essayistar: Antonio Pagés Larraya, Emilio Carilla, Luis Soler Cañas; og sjølvsagt den største argentinske essayforfattaren etter Sarmiento, Ezequiel Martínez Estrada, høyrer til «generasjonen frå 1937».

Neohumanisme, eksistensialismen og annan påverknad[endre | endre wikiteksten]

Julio Cortázar fotografert av Sara Facio i 1967.

Nyhumanismen kom som ein milepåle rundt 1950 som eit svar på den andre verdskrigen og ettertida. Avantgardisar som Raúl Gustavo Aguirre, Edgar Bayley og Julio Llinás er på eit nivå medan eksistensialistane José Isaacson, Julio Arístides og Miguel Ángel Viola er på eit anna.

Lengre borte er dei som sameinar begge desse tendensane med ein regionalistisk basis: Alfredo Veiravé, Jaime Dávalos og Alejandro Nicotra. Blant forteljarane finn vi kjensleladde vitneprov frå samtida: Beatriz Guido, David Viñas og Marco Denevi. I dei fleste av desse forfattarane kan ein finne sterkt påverknad frå anglosaksisk og italiensk poesi.

Ein ny trend kom opp frå 1960 av og varte til omkring 1990. Påverknaden er ueinsarta: Jean-Paul Sartre, Albert Camus, Eluard, nokre spanske forfattarar som Camilo José Cela, og argentinarar som Borges, Arlt, Cortázar og Maréchal. To tendensar er tydelege: skisser av den Metafysikkmetafysiske tidsalderen og det autentisk historiske: Horacio Salas, Alejandra Pizarnik og Ramón Plaza samt ein sosial og urban uorden: Abelardo Castillo, Marta Lynch og Manuel Puig.

Luis Franco, Juan L. Ortiz og Jorge Wáshington Ábalos var viktige diktarar og forteljarar som kom frå provinsane.

Den mørke militære perioden[endre | endre wikiteksten]

1970-talet var ei mørk natt for intellektuell nyskaping. Teikna frå tidsalderen er enten i eksil: Juan Gelman og Antonio Di Benedetto eller dei var gått bort: Roberto Santoro og Haroldo Conti. Somme poetar som Rodolfo Walsh, Agustín Tavitián og Antonio Aliberti, forteljarar som Osvaldo Soriano og Fernando Sorrentino, og essayistar som Ricardo Herrera og María Rosa Lojo stod for fornying av etiske og estetiske idear. Igjen er referentane Eluard, Eliot, Montale og Neruda.

Opp frå den politisk aktive sfæren kom ein stor skribent: journalist Julio Carreras (h) som nyleg har vorten verdsett for dei viktigaste arbeida. Han sat sju år i fangenskap under det militære diktaturet i landet.

Vår tid[endre | endre wikiteksten]

1990-talet vart markert med ei sameining av dei som var att frå ulike generasjonar til ein ny intellektuell koalisjon for å sjå tilbake til verdiar mot slutten av hundreåret. Nokre døme er Alan Pauls, Mario Areca, Aníbal Cristobo, Ernesto de Sanctis, Marco Denevi og Edgar Brau.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]