Argolída

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Argolída
Περιφερειακή ενότητα Αργολίδας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Peloponnes
Hovudstad Návplio
Folketal 97 044 (2011) Rangering 34.
Areal 2 154 km²
Folketettleik 45/km²
Kommunar 4
Postnummer 21x xx
Retningsnummer 275x0
Bilnummer AP
Heimeside www.argolida.gr

Periferieininga Argolída (gresk Περιφερειακή ενότητα Αργολίδας, Periferiakí enótita Argolídas, i antikken/katharevousa Ἀργολίς, Argolís) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i periferieininga er Návplio.

Innan jordbruk vert det hovudsakleg dyrka appelsiner og oliven. Strender finn ein i sør og aust, medan fjell og åsar dominerer i vest, nordaust og aust.

Argolída grensar til Arkadía i vest og sørvest, Korinthía i nord, Saroniabukta, Attikí og Trizinía-området (periferieininga Øyane) i aust og søraust, og Argolikósbukta i sør.

Av fjell finn ein Lýrkio og Trakhý i nordvest.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Argolída eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Argolída Árgos-Mykínes Árgos 212 00
Akhladókambos 210 57
Aléa 205 00
Koutsopódi 210 00
Lérna 212 00
Lyrkía 210 58
Mykínes 212 00
Néa Kíos 210 53
Návplio Návplio 211 00
Asíni 210 60
Midéa 210 55
Néa Tíryntha 211 00
Epídavros Asklipiío 210 52
Epídavros 210 54
Ermionída Ermióni 210 51
Kranídi 213 00

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1833 til 1899 var prefekturet ein del av Argolidokorinthia, som inkluderte øyane Ýdra, Spétses og Kýthira. Ho vart så ein del av Korinthía og danna Argolidokorinthia igjen i 1909. Førti år seinare, i 1949, vart prefekturet igjen skild ut frå Korinthía.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 37°40′N 22°50′E