Argun i Asia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Argun
Amur watershed.png
Munning Amur
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Kina Kina
Lengd 1620 km
Nedslagsfelt 164 000 km²

Argun (russisk Аргунь; kinesisk Hailar He; mandsjurisk Ergune bira) er ei elv som renn langs grensa mellom Russland og Kina og ei av sideelvane til Amur frå høgre. Elva er 1620 km lang og har eit nedslagsfelt på 164 000 km².

Elva renn frå vestsida av Store Khingan i Indre Mongolia. Argun renn saman med Sjilka og dannar Amur.

Elva frys til i slutten av november og vert isfri att tidleg i mai. Dei viktigaste sideelvane hennar er Urov, Urjumkan, Gazimur frå venstre og Genkhe go Njuerkhe frå høgre.

Det finst over 60 fiskeartar i elva, mellom anna karpe og stillehavslaks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]