Ari-Pekka Nikkola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ari-Pekka Nikkola (fødd 16. mai 1969) er ein tidlegare finsk skihoppar som konkurrerte frå 1986 til 1998. To gonger var han med på å vinna OL-gull i laghopping, stor bakke: Fyrst i 1988-OL i Calgary, deretter i 1992-OL i Albertville. Verdscupen vann han i sesongen 1989/1990|90]].

Endå større suksess hadde han i VM-samanheng, der han fekk med seg heile sju medaljar:

  • Fire gullmedaljar: Laghopp, stor bakke (1987, 1989, 1995 og 1997)
  • To sølvmedaljar: Individuelt normalbakke: 1989, laghopp stor bakke 1991)
  • Ei bronsemedalje: Individuelt normalbakke: 1991

26. januar 2007 blei han utnemnt som hovudtrenar for det slovenske hopplandslaget etter at Vasja Bajc fekk sparken på grunn av dårlege resultat.