Arieş
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Arieş | ||
|
|
||
| Utspring | Bihorfjella der elvane Arieşul Mare og Arieşul Mic renn saman. | |
| - Høgd | 1500 moh | |
| Munning | Mureş | |
| - Høgd | 260 moh | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 164 km | |
| Renn gjennom | Turda | |
|
|
||
Arieş (ungarsk Aranyos) er ei elv i Transilvania i Romania som renn gjennom fylka Alba og Cluj.
Ho har kjelda si i Bihorfjella, ein del av Apusenifjella. Arieş oppstår nær landsbyen Mihoieşti der dei to elvane Arieşul Mare og Arieşul Mic renn saman. Elva har ei lengd på om lag 164 km. Ho renn ut i Mureş nær landsbyen Gura Arieşului (Székelykocsárd på ungarsk), nær landsbyen Luduş (Marosludas på ungarsk).
Byane Câmpeni (Topánfalva på ungarsk), Baia de Arieş (Aranyosbánya på ungarsk), Turda (Torda på ungarsk) og Câmpia Turzii (Aranyosgyéres på ungarsk) ligg ved elva. Den øvre dalen, Ţara Moţilor, er eit vakkert område og eit viktig gruveområde (Roşia Montană) med gull, sølv og uran.
Elva vart først nemnd i 1075 som Aranas.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arieş River (Mureş)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: