Arild Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Monsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1962 (61 år)
Molde kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1985

Arild Monsen (fødd 5. april 1962) er ein tidlegare norsk langrennar, og no til dags langrennstrenar. Under Ski-VM 1985 i Seefeld vart han verdsmeister i 4x10 km stafett saman med Pål Gunnar Mikkelsplass, Tor Håkon Holte og Ove Aunli. I same meisterskapen vart han nr 7 på 15-kilometeren. Han kom aldri på sigerspallen i verdscuprenn, tre gonger enda han på fjerdeplass. Han vart noregsmeister ein gong (1987). Monsen var på det norske landslaget i perioden 1982–1990. Han er oppvaksen i Molde.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Nr 11 på 15 km i Le Brassus.
  • 1983: Nr 4 både i Sarajevo og i Lahti, begge renna på 15 km.
  • 1984: Nr 8 på 15 km i Lahti. Nr 2 på 15 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
  • 1984/5: Nr 4 på 30 km i Davos. Nr 2 på 50 km i Holmenkollen (ikkje verdscup).
  • 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse.
  • 1987: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Idrettsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Monsen arbeidde i smørjeteamet til det norske langrennslandslaget frå 1993 til 1997. Frå 1997 til 2006 var han internasjonal teknisk delegat til verdscuprenn i langrenn. Sidan 2006 har han vore langrennstrenar, først to år for Team Trøndelag. I april 2008 vart han tilsett som trenar for Canadas langrennslandslag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Autoritetdata