Arild Sandvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arild Edvin Sandvold (2. juni 189512. august 1984) var ein norsk organist og komponist frå Oslo. Størstedelen av virket sitt gjorde han som organist i Oslo domkyrkje og som orgellærar på Oslo Musikkonservatorium (no Noregs Musikkhøgskule) i meir enn 50 år.

Sandvold studerte først nokre år i Oslo, før han reiste til Leipzig der han lærte orgelspel hjå Karl Straube. I Leipzig høyrde Sandvold Max Reger sin orgelmusikk, som fekk stor påverknad på han. Denne påverknaden kjem tydelegast fram i det store orgelverket Introduktion og Passacaglia, som er særs omtykt òg i dag.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]