Arild Sundgot
Foto: Jarle Vines
Arild Sundgot (fødd 17. april 1978) er ein norsk fotballspelar. Sundgot er ein angrepsspelar. Fotballkarriera starta i byen der han voks opp, Ulsteinvik, for IL Hødd. Sundgot sitt første møte med Eliteserien kom med nettopp Hødd, i deira opprykk til 1995-sesongen. Her vart det 2 mål på 10 kampar for sunnmøringen.
I 1997-sesongen ikledde Sundgot seg ei ny drakt, nemleg for Lillestrøm SK. Dette er også Sundgot sin noverande klubb, sjølv om overgongsspekulasjonane var store etter endt 2005-sesong. Spelaren vil for alltid vere ein viktig del av Lillestrøm si historie, då Sundgot er den mestskårande spelaren i Eliteserien for klubben nokon gong. På tolv sesongar har han laga 88 mål på 247 kampar for LSK i Eliteserien. Han har med dette slått rekorden til Lillestrøm-legenda Tom Lund, som hadde 64 mål på 149 kampar.
Han er son til tidlegare Høddspelar Otto Sundgot, og bror til Ole Bjørn Sundgot.
Arild Sundgot sine sesongar i eliteserien for Lillestrøm:
| Sesong |
Kampar |
Mål |
| 1997 |
12 |
0 |
| 1998 |
25 |
3 |
| 1999 |
21 |
7 |
| 2000 |
22 |
8 |
| 2001 |
16 |
9 |
| 2002 |
22 |
5 |
| 2003 |
19 |
8 |
| 2004 |
21 |
14 |
| 2005 |
25 |
11 |
| 2006 |
24 |
7 |
| 2007 |
25 |
10 |
| 2008 |
15 |
6 |
http://fotball.aftenposten.no/eliteserien/index.jsp?service=default&stats=true&type=person&personId=1637&seasonId=6500