Aristide Briand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aristide Briand.

Aristide Briand (28. mars 18627. mars 1932) var ein fransk sosialistisk statsminister som fekk Nobels fredspris i 1926.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Aristide Briand vart fødd i Nantes i Vest-Frankrike. Han studerte jus, og gjekk snart inn i politikken, m.a. ved å skriva for anarkistiske tidsskrift. På slutten av attenhundretalet blei han med i det franske sosialistpartiet, Parti socialiste. Briand ivra for fagforeiningar, og han var tilhengjar av generalstreik. Saman med Jean Jaurès grunnla han avisa l'Humanité i 1904. Briand var også oppteken av spørsmålet om oppheving av statskyrkja i Frankrike. Han spela ei viktig rolle i kommisjonen som utarbeidde lova om skilje mellom stat og kyrkje frå 1905.

I 1909 overtok Briand som statsminister i Frankrike for fyrste gong, etter Georges Clemenceau. Briand var ein dyktig politisk leiar, og sat som statsminister i landet i heile elleve periodar mellom 1909 og 1929. I tillegg til dette tente han også som justisminister og utanriksminister.

Nobelprisen

Nobels fredspris
1926

Briand gjorde mykje viktig arbeid for internasjonal forsoning etter fyrste verdskrigen. Han representerte ei av drivkreftene bak fredspakta Locarnoavtalen, som vart underskriven av 7 europeiske land i 1925. I 1926 fekk Briand Nobels fredspris for innsatsen med denne avtalen, saman med den tyske kanslaren Gustav Stresemann. Statsleiarane Briand og Stresemann hadde eit godt forhold til kvarandre fram til Stresemann døydde i 1929.

Vidare stod Briand bak Kellogg-Briand-pakta frå 1928, der Frankrike, USA, Storbritannia, Tyskland og Japan m.fl. skreiv under på ein fredsavtale. Pakta fekk namn etter Briand og den USA-amerikanske utanriksministeren Frank B. Kellogg. Briand var også involvert i Youngplanen frå 1929 med den USA-amerikanske diplomaten Owen D. Young. Planen fastslo at Tyskland måtte betala tilbake til ei rekkje land for å bøta på krigsskadene frå fyrste verdskrigen. I Folkeforbundet vart Briand ein av dei fyrste som la fram tanken om ein europeisk union. Diverre vart mykje av arbeidet til Briand øydelagt av fascismen i Europa på 1930-talet. Aristide Briand stilte til presidentvalet i 1931, men kunne ikkje gjennomføra grunna helseproblem, og døydde eit par månader seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]