Arja Saijonmaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arja Saijonmaa

Arja Enni Helena Saijonmaa (fødd 1. desember 1944 i Sankt Michel i Södra Savolax i Finland) er ei internasjonalt vidgjeten songarinne. Ho har òg vore politikar i Svenska Folkpartiet i Finland, og har vore engasjert som ambassadør for Dei sameinte nasjonanes høgkommissær for flyktningar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Arja Saijonmaa studerte ved det finske Sibelius-Akademin (Sibelius-Akatemia på finsk), eit universitet som undervisar i musikk, og er dessutan cand. philol. (fil.kand.) i drama, litteratur og musikkvitskap frå Helsingfors universitet. Ho slo gjennom som songarinne i Sverige med songen «Jag vill tacka livet», ei omsetjing til svensk av «Gracias a la vida» (som var gjort kjend av den chilenske musikkgruppa Inti-Illimani med songarinna Violeta Parra), og vart ein særs populær artist på 1970-talet .

Arja Saijonmaa har lagt for dagen stor breidd i si musikalske verksemd, som femner om til dømes songar av Zarah Leander, Mikis Theodorakis og eit repertoar innan klassisk musikk. Til saman har ho spelt inn 35 album på mange ulike språk, mellom anna finsk, svensk, norsk, spansk, italiensk, gresk, tysk, fransk, og engelsk. Ho har òg medverka i filmar, mellom anna Anna Svärd og Herr Puntila och hans dräng Matti. I 2007-2008 var ho med i andre sesongen av Sveriges Televisions serie Stjärnorna på slottet, ein populær portrettserie som gjekk på lufta i jol- og nyårshelga. Ho har òg skrive ei bok med tittelen Sauna, omsett til norsk av Gunnel Malmström, om den finske sauna-tradisjonen (badstove-tradisjonen), Oslo 1997, og ei bok som på norsk har tittelen En ung naken kvinne - historien om Mikis og meg, omsett til norsk av Jørn Roeim, Oslo 2010.

Arja Saijonmaa bur no i Stockholm og Paris.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

På finsk[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 Laula kanssani toveri
  • 1972 Arja Saijonmaa & Mikis Theodorakis
  • 1973 Koko yön minun poikani valvoi
  • 1975 Huomenta sydämeni
  • 1979 Jokainen arkiaamu - Arja Saijonmaa & Mikis Theodorakis Ateenassa
  • 1979 Miten voin kyllin kiittää
  • 1981 Ruotsiin ja takaisin
  • 1983 Ystävän laulu
  • 1985 Valitut laulut
  • 1988 Arja Saijonmaa & George de Godzinsky Finlandia-talossa
  • 1989 Yhteinen taivas ja maa
  • 1993 Paijaa mua
  • 1994 La Cumparsita
  • 2000 Sydänten silta
  • 2006 Rakkaus on rohkeutta
Utgitt på nytt
  • 1985 Valitut laulut
  • 1988 Arja Saijonmaa (2LP)
  • 1995 20 Suosikkia: Ystävän laulu
  • 2001 20 Suosikkia: Satumaa
  • 2007 Tähtisarja - 30 suosikkia (2CD)

På svensk[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 Det är tid att sjunga sånger
  • 1977 Tango Jalousie
  • 1978 Arja Saijonmaa i Stockholms konserthus
  • 1979 Jag vill tacka livet
  • 1981 Sånger från asfalt och ängar
  • 1982 Leksar och parfym
  • 1987 Högt över havet
  • 1988 Arja sjunger Zarah
  • 1989 Samma himmel, samma sol
  • 1994 La Cumparsita
  • 1998 Bara du kommer
  • 1999 En bro av gemenskap
  • 2003 Arja Nära
Utgitt på nytt
  • 1994 Arja's bästa
  • 2000 Guldkorn
  • 2002 100% (2CD)
  • 2005 Vad du än trodde så trodde du fel

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • 1976 Bonjour mon coeur
  • 1983 Es ist Zeit

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Arja Saijonmaa har vore med i desse filmane:

  • 1969 Punatukka
  • 1969 Pohjan tähteet
  • 1985 Puntilan isäntä ja hänen renkinsä

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Arja Saijonmaaa. En ung naken kvinne : historien om Mikis og meg (omsett til norsk av Jørn Roeim). [Oslo] 2010: Gyldendal. ISBN 978-82-05-39098-0
  • Arja Saijonmaa. Sauna (omsett til norsk av Gunnel Malmström). Oslo 1997: Aschehoug. ISBN 82-03-26062-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]